Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2023
Wikipedia:Ukens artikkel · Arkiv for nynorskartiklene: 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 · 2014 · 2015 · 2016 · 2017 · 2018 · 2019 · 2020 · 2021 · 2022 · 2023
- Uke 1
Troll-stasjonen er ein forskingsstasjon som ligg ved Jutulsessen, 235 km frå kysten i den austlege delen av Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land i Antarktis. Han er den einaste heilårsstasjonen til Noreg i Antarktis og vert nytta i lag med sommarstasjonen Tor. Troll er driven av Norsk Polarinstitutt og har òg anlegg for Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforskning og Troll satelittstasjon driven av Kongsberg Satellite Services.
I motsetnad til dei fleste andre stasjonane på kontinentet vart Troll bygd på ei snøfri fjellside av bert fjell som stikk opp av isdekket ved Jutulsessen, 1275 meter over havet. Stasjonen opna som ein sommarstasjon i 1990 og vart teken i bruk som heilårsstasjon i 2005. Åtte mann kan overvintre her og om sommaren er kapasiteten 40 personar. Like ved ligg Troll Airfield, som dronning Sonja opna i 2005. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 2
Kattugle (Strix aluco) er ei mellomstor ugle som lever i skogområde over det tempererte Europa austover til vestlege Sibir. I Noreg lever ho i låglandet frå Austlandet rundt kysten nord til og med områda rundt Trondheimsfjorden. Dette er ei tjukkfallen, middels stor ugle, undersida er bleik med mørke striper, og overkroppen kan vere anten spetta brun eller grå. Vengene er breie og hovudet stort. Hos fleire underartar kan individa vere av begge fargevariantar, i Noreg varierande mellom raudbrun og gulgrå. Kattugla byggjer vanlegvis reiret i eit holt tre som gjev effektivt vern mot potensielle åtakarar. Ho er ein standfugl og svært territorial.
Kattugla har ein plass i folklore. Ettersom ho er aktiv om natta og mange menneske opplever songen som skremmande, har folk tradisjonelt knytt ho til varsel om død. Mange trur at alle ugleartar lagar ein tutelyd, men det er ei overgeneralisering basert på songen til akkurat denne arten. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 3
Gong er ei internasjonal progressive rock-gruppe som nyttar element av jazz og space rock i musikkstilen sin. Gruppa vart skipa i Paris i 1967 av den australske musikaren Daevid Allen og den engelske vokalisten Gilli Smyth. Bandmedlemmar har mellom andre vore Didier Malherbe, Pip Pyle, Steve Hillage, Mike Howlett, Pierre Moerlen, Bill Laswell og Theo Travis. Andre som har spelt med Gong på scenen er mellom andre Don Cherry, Chris Cutler, Bill Bruford, Brian Davison, Dave Stewart og Tatsuya Yoshida.
Debutalbumet til Gong, Magick Brother frå 1970, hadde ein psykedelisk popstil. Året etter gav gruppa ut Camembert Electrique med ein meir psykedelisk rock/space rock-stil, som ho kom til å bli mest assosiert med. Mellom 1973 og 1974 gav Gong ut det mest kjende verket sitt, den allegoriske Radio Gnome Invisible-trilogien, som skildra eventyra til Zero the Hero, Good Witch Yoni og Pot Head Pixies frå planeten Gong. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 4
«I Will Always Love You» er ein song skriven og opphavleg spelt inn i 1973 av den amerikanske countrysongaren Dolly Parton. Countryversjonen hennar kom ut på singel i 1974 og var skriven som eit farvel til den tidlegare partnaren og mentoren hennar i sju år, Porter Wagoner, etter at Parton valde å forlate The Porter Wagoner Show og satse på ein solokarriere. Parton si utgåve av «I Will Always Love You» vart ein suksess, og gjekk til topps på Billboard Hot Country Songs-lista to gonger. Den første gongen var i juni 1974, og den andre var i oktober 1982 etter ei nyinnspeling for filmen The Best Little Whorehouse in Texas.
Whitney Houston spelte inn sin versjon av songen i 1992 for filmen The Bodyguard. Singelen hennar låg 14 veker på toppen av Billboard Hot 100-lista, som då var ny rekord, og er ein av dei bestseljande singlane nokon gong. Houston-utgåva av «I Will Always Love You» gjekk inn att på lista i 2012 etter ho døydde, og vart den andre singelen nokon gong som nådde topp 3 på Billboard Hot 100 i to forskjellige periodar. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 5
Arnold J. Toynbee (1889–1975) var ein britisk historikar og historiefilosof, den siste såkalla universalhistorikaren. Han er særleg kjend for tolvbandsverket A Study of History, ei metahistorie som kom ut i tida 1934-61 og undersøkte historia frå eit globalt perspektiv. Verket er basert på ein idé om at dei ulike sivilisasjonane går gjennom universelle rytmar med stigning, blomstring og nedgang. Det religiøse grunnsynet i A Study of History gjorde verket særleg populært i USA, ettersom Toynbee avviste både den greske humanismen og opplysningstida si tru på menneskeheita si essensielle godheit, samstundes som han heldt den moderne nasjonalismen for å vere ein «falsk gud». Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 6
Yayoi Kusama (fødd 1929) er ein japansk kunstnar som hovudsakleg lagar skulpturar og installasjonar, men også driv med måleri, performance, videokunst, mote, poesi, skjønnlitteratur og andre kunstformer. Ho er blitt omtalt som ein av dei viktigaste levande kunstnarane til å koma frå Japan.
Kusama voks opp i Matsumoto, og utdanna seg ved Kyoto kunsthøgskule i den tradisjonelle japanske målarstilen nihonga. Ho blei òg inspirert av amerikansk abstrakt impresjonisme. I 1958 flytta ho til New York, og blei med i avant-garde-scena der, særleg i pop-art-rørsla. Ho tok del i hippierørsla og motkulturen på slutten av 1960-åra, og blei offentleg kjend då ho arrangerte ei rekkje happenings der nakne deltakarar blei måla med fargerike polkadottar. Sidan 1970-talet har Kusama fortsett å laga kunst, der installasjonar på ulike museum rundt om i verda er dei mest kjende. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 7
Cluj-Napoca, eller berre Cluj, er den tredje største byen i Romania, og administrasjonssete i Cluj fylke nordvest i Transilvania. Geografisk ligg han om lag midt mellom București (323 km), Budapest (354 km) og Beograd (327 km). Byen ligg i dalen til elva Someșul Mic og var hovudstad i den historiske provinsen Transilvania.
Romarriket erobra Dakia ved byrjinga av 100-talet, og den romerske busetnaden Napoca vart så grunnlagd. Byen på staden vart seinare ein del av Kongedømet Ungarn. Kong Stefan I gjorde han til sete for fylket Kolozs, og kong Ladislaus I av Ungarn grunnla klosteret Cluj-Mănăștur her. Frå 1830 var Cluh senteret for den ungarske nasjonalrørsla i fyrstedømet Transilvania. Ungararane var den største folkegruppa i byen fram til 1960-åra, då rumenarane tok over, på grunn av stor innflytting som følgje av industrialiseringa her. I 1974 feira byen 1850-årsjubileum etter første gongen Napoca vart nemnd, og kommuniststyret endra namnet på byen til Cluj-Napoca. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 8
Gråstrupedukkar (Podiceps grisegena) er ein fugl i dukkarfamilien med habitat i tempererte områda av nordvestlege Nord-Amerika, Asia og austlege Europa. Arten føretrekker grunne ferskvasshabitat som hekkehabitat, slik som mindre innsjøar og små tjørner. I Fennoskandia hekkar han aust og sør om Noreg. Arten er ein trekkfugl med overvintringshabitatet stort sett avgrensa til rolege farvatn ved kysten, nokre fuglar kan overvintre på store innsjøar. Langs norskekysten finst dei frå Trøndelag og sørover, og nordsjøkystane er overvintringsstader for eurasiatiske fuglar.
IUCN kategoriserer arten som livskraftig, den globale populasjonen er estimert til 190 000-290 000 individ og minkande, men i Europa er populasjonen trudd å vere aukande. Les meir …
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 9
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 9, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 10
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 10, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 11
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 11, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 12
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 12, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 13
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 13, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 14
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 14, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 15
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 15, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 16
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 16, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 17
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 17, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 18
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 19
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 20
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 20, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 21
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 22
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 23
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 23, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 24
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 25
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 25, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 26
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 27
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 28
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 29
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 30
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 31
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 32
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 33
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 34
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 35
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 36
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 37
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 38
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 39
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 40
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 41
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 42
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 43
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 44
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 45
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 46
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 47
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 48
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 49
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 50
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 51
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk
- Uke 52
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2023
Vis -
Se nynorsk -
historikk