Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 13, 2023
Kongekondor (Sarcoramphus papa) er ein stor rovfugl som lever i Mellom- og Sør-Amerika. Han er ein mellomstor medlem av kondorfamilien Cathartidae. Denne kondoren lever hovudsakleg i tropiske låglandsskogar som strekker seg frå det sørlege Mexico til det nordlege Argentina.
Han er ein stor og stort sett kvit fugl, med grå til svart halskrans og halefjører. Vengfjørene er òg svarte i kontrast til dekkfjørene som er kvite både på under og oversida. Hovudet og nakken er skalla, med varierande hudfarge, inkludert gul, oransje, blå, lilla og raud. Kongekondoren har ein veldig merkbar oransje kjøttfull karunkel på nebbet. Han er ein åtseletar og gjer ofte det første snittet i eit ferskt kadaver. Han trenger òg bort mindre kondorartar frå eit kadaver. Les meir …