Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2017

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til: navigasjon, søk
Wikipedia:Ukens artikkel. Arkiv for nynorskartiklene: 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 · 2014 · 2015 · 2016 · 2017



Uke 1
Kart over Syria

Syria er ein stat i Midtausten. Landet grensar til Libanon og Middelhavet i vest, Tyrkia i nord, Irak i aust, Jordan i sør og Israel i sørvest. Grensene med Israel (Golanhøgdene) og Tyrkia (İskenderun-regionen) er omstridde. Hovudstaden er Damaskus, ein av dei eldste permanent busette byane i verda. Landet består av frodige sletter, høge fjell og ørkenar, og er heimstad for mangfaldige etniske og religiøse grupper, som alawittar, sunni- og kristne arabarar, armenarar, assyrarar, drusar, kurdarar og tyrkarar. Sunni-arabarar utgjer den største folkegruppa i Syria.

Syria var tidlegare synonymt med Levanten. medan den moderne staten dekkjer fleire gamle kongedøme og rike. I den islamske tida vart Damaskus setet for Umayyade-kalifatet. Bashar al-Assad har vore president i landet sidan 2000 og tok over etter far sin, Hafez al-Assad, som var president frå 1970. Sidan mars 2011 har Syria vore innvikla i ein borgarkrig etter ei rekkje opprør mot Assad og ny-Ba'athist-styret. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 2
Gravering av Gibraltar

Erobringa av Gibraltar av engelsk-nederlandske styrkar for Storalliansen skjedde mellom 1. og 3. august 1704 under den spanske arvefølgjekrigen. Sidan byrjinga av krigen hadde dei allierte sett seg om etter ei hamn på den iberiske halvøya for å kontrollere Gibraltarsundet og nytta hamna for marineoperasjonar mot den franske flåten vest i Middelhavet. Etter å ha overtalt den portugisiske kongen om å bryte alliansen sin med Frankrike og Spania og alliere seg med Storalliansen kunne dei allierte flåtane drive felttog i Middelhavet med tilgang til hamna i Lisboa, og utføre operasjonar som støtta den austerrikske Habsburg-kandidaten til den spanske trona, erkehertug Karl.

Prins Georg av Hessen-Darmstadt representerte Habsburg i regionen. I juni 1704 mislukkast prinsen og admiral George Rooke, kommandanten til den største allierte flåten, å ta Barcelona for Karl. For å kompensere for mangelen på suksess avgjorde dei allierte kommandantane å gjere eit forsøk på å erobre Gibraltar, ein liten by på den spanske sørkysten. Etter kraftig bombardement og etter at britisk og nederlandske marinesoldatar og sjømenn gjekk i land, overgav guvernør Diego de Salinas Gibraltar og den vesle garnisonen den 3. august. I tilfelle Karl kom til å mislukkast i å avsetje Filip V som konge av Spania, skulle Gibraltar formelt avståast til Storbritannia med vilkåra i Utrecht-traktaten i 1713. Den dag i dag er Gibraltar framleis ein del av Storbritannia. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 3
Terra Nova-ekspedisjonen på Sørpolen, 18. januar 1912

Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913) var ein britisk polekspedisjon leia av Robert Falcon Scott. Ifølge han var hovudmålet å ta seg til Sørpolen for å sikre at det britiske imperiet fekk æra for prestasjonen. Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen 17. januar 1912, men oppdaga at ein ekspedisjon leia av Roald Amundsen hadde vore der trettitre dagar tidlegare. På ferda tilbake til Cape Evans-basen omkom Scott og laget hans. Dagbøkene deira vart funne under eit søk etter sørpolgruppa åtte månader seinare, og dermed vart deltakarane si historie kjent.

På denne tida var Scott den mest erfarne leiaren av polarekspedisjonar i Storbritannia, og hadde leia Discovery-ekspedisjonen til Antarktis i 1901–04. Terra Nova-ekspedisjonen, oppkalla etter forsyningsskipet til ekspedisjonen, var eit privat initiativ finansiert med innsamla midlar og eit mindre statleg tilskot. Vidare hadde han støtte frå den britiske marinen som bidrog med erfarne sjøfolk, og frå Royal Geographical Society. I tillegg til målsetjinga om å nå Sørpolen, gjennomførte Scott òg eit omfattande vitskapeleg program, og utforska Victoria Land og Dei transantarktiske fjella. Eit forsøk på å ta seg i land for å utforske King Edward VII Land mislukkast derimot. Ei gruppe reiste òg til Cape Crozier i juni og juli 1911 midt under den strenge antarktiske vinteren. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 4
Tina Turner

Tina Turner (fødd 1939) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, dansar og skodespelar. Ho har vore ein av dei mest populære underhaldningsartistane i verda og har fått kallenamnet «The Queen of Rock n Roll». Turner har blitt kalla den mest suksessrike kvinnelege rockeartisten, har vunne åtte Grammy-prisar og seld fleire konsertbillettar enn nokon annan artist i historia.

Ho starta musikkarrieren i midten av 1950-åra som ein songar i Ike Turner sitt Kings of Rhythm, og spelte først inn musikk i 1958 med namnet «Little Ann». Ho byrja først å bruke namnet Tina Turner i 1960 som medlem i Ike & Tina Turner Revue. Dei fekk suksess med ei rekkje kjende hittar, som «A Fool in Love», «River Deep – Mountain High» (1966), «Proud Mary» (1971) og den sjølvskrivne «Nutbush City Limits» (1973), med namn etter heimstaden hennar. Etter skilsmissen frå Ike Turner bygde ho opp att karrieren sin, men sleit i starten med å få suksess som soloartist. Tidleg i 1980-åra lanserte ho eit comeback med ei rekkje hittar, som starta i 1983 med «Let's Stay Together», etterfølgd i 1984 med det femte soloalbumet Private Dancer, som vart ein verdsomfattande suksess. «What's Love Got to Do with It», den mest suksessrike singelen frå albumet, vart seinare nytt som tittelen på ein biografisk film, basert på sjølvbiografien hennar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 5
Svein Tjugeskjegg

Svein Tjugeskjegg (kring 960–1014) var konge av Danmark ca. 986-1014 og konge av England 1013-1014.

Dei eldste norrøne kjeldene er sameinte om at det var stor usemje mellom Svein og faren, Harald Blåtann. Det kom til open krig som enda med at kong Harald vart såra og døydde. Svein Tjugeskjegg vart deretter teken til konge over Danmark. Det var truleg på denne tida at Svein Tjugeskjegg sende ein hærflåte for å erobre Noreg, noko som enda med eit dansk nederlag i slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget). Omkring år 1000 stod slaget ved Svolder, mellom den norske flåtestyrken til kong Olav Tryggvason og ein alliert svensk og dansk styrke, der òg ladejarlane var med. Der fall kong Olav.

Det norske tilnamnet «Tjugeskjegg» (norrønt tjúguskegg) tyder delt eller kløfta skjegg og viser til at han hadde lange mustasjer som hang ned og likna på ein høygaffel. I England vart han kalla «Sweyn Forkbeard» og er rekna som monarken med den kortaste regjeringstida i Englands historie. Han hadde base i byen Gainsborough, der han døydde. Han blei først gravlagt i York Minster, men liket blei seinare flytta til Roskilde domkyrkje i Danmark, der han i dag ligg på ein ukjent stad saman med faren Harald Blåtann. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 6
Symmetri i biologi

Symmetri i biologi er den balanserte fordelinga av like kroppsdelar eller former. Symmetri dannar ein klasse av mønster i naturen der repetisjonen av mønsteret skjer gjennom spegling eller rotasjon. Kroppsplanet hjå dei fleste fleircella organismar utgjer ei form for symmetri, til dømes radiær, bilateral eller sfærisk symmetri. Eit mindretal, til dømes svampar, visar ingen symmetri, og er dimed rekna som asymmetriske.

Symmetri har spelt ei viktig historisk rolle i taksonomien av dyr; radiærsymmetriske organismar blei klassifiserte i taksonet Radiata, som no er rekna for å vere ei polyfyletisk samling av ulike rekkjer i dyreriket. Dei fleste radiærsymmetriske dyr er symmetriske langs ein akse som strekk seg frå midten av munnen til midten av den motsatte eller aborale enden. Radiærsymmetri er spesielt eigna for fastsitjande dyr som til dømes sjøroser, flytande dyr som til dømes stormaneter, og saktegåande organismar som til dømes sjøstjerner. Dyr i rekkjene nesledyr og pigghudingar er radiærsymmetriske, sjølv om mange sjøroser og somme koralar er bilateralt symmetriske på grunnlag av ein enkelt struktur, nemleg ei renne med ciliar frå munnen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 7
Barcelona

Barcelona er regionshovudstaden og den største byen i den autonome regionen Catalonia og den nest største byen i Spania med om lag 1,6 millionar innbyggjarar. Som hovudstad i Catalonia er Barcelona sete for dei katalanske styresmaktene, kjend som Generalitat de Catalunya.

Barcelona ligg ved kysten av Middelhavet mellom munningane til elvane Llobregat og Besòs. Han vart grunnlagd som ein romarby og vart sete for grevane av Barcelona. Etter at grevskapet vart slått saman med Kongedømet Aragón var han ein av dei viktigaste byane i Kongemakta Aragón. Barcelona vert i dag rekna som ein verdsby på grunn av finans, handel, media, underhaldning, kunst og internasjonal handel. Han er eit viktig kultursenter og ein stor turistdestiasjon med ei rik kulturarv. Her finst kjende byggverk av Antoni Gaudí og Lluís Domènech i Montaner som er innskrivne på verdsarvlista til UNESCO. Byen var òg vertsby for sommar-OL 1992. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 8
Cliff Richard & The Shadows

The Shadows er ei britisk rockegruppe kjend for instrumentalmusikk og som støtteband for Cliff Richard på 50- og 60-talet. Det er det mest suksessrike instrumental- og vokalbandet i Storbritannia frå 1950-åra til 2000-åra med totalt 65 britiske hitsinglar, 31 aleine og 34 med Cliff Richard.

I 1960-åra var bandet med Richard i filmane The Young Ones, Summer Holiday, Wonderful Life, Finders Keepers og som marionettar i filmen Thunderbirds Are GO. Dei skreiv berre eit par songar til den tidlegaste filmen The Young Ones i 1961, men på Finders Keepers i 1966 skreiv dei nesten all filmmusikk, tilskriven Marvin-Welch-Bennett-Rostill. I 1975 deltok dei i Eurovision Song Contest med songen «Let Me Be The One» og kom på andreplass. I 1979 gav bandet ut String of Hits, som nådde toppen av den britiske albumlista. Albumet inneheldt hittar som «Cavatina», «You're the One That I Want» og «Don't Cry for Me Argentina». Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 9
Sattelittbilde av Saudi-Arabia

Saudiarabisk geografi er geografien til det største landet i Arabia. Saudi-Arabia dekkjer 80 % av Den arabiske halvøya. Det grensar til sju land og tre havområde: Det arabiske havet, Persiabukta og Raudehavet. Den lange kystlinja langs Persiabukta og Raudehavet har gjort det enkelt å drive skipsfart (særleg råolje) gjennom Persiabukta og Suezkanalen. Dei lange grensene mot Dei sameinte arabiske emirata, Oman og Jemen er ikkje definerte, så den eksakte storleiken til landet er ukjend. Staten har estimert arealet til å vere 2 217 949 kvadratkilometer. Mindre enn 1 % av det samla arealet høver for oppdyrking og tidleg i 1990-åra varierte folkefordelinga stort mellom byar på aust- og vestkysten, tett folkesette oasar i dei indre områda og enorme, nesten tomme ørkenar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 10
Kart over Dronning Maud Land i Antarktis

Dronning Maud Land er eit kring 2,7 millionar kvadratkilometer stort område i Antarktis som Noreg gjer krav på som biland. Området ligg mellom 20° vest og 45° aust, mellom Britisk Antarktis i vest og Australsk Antarktis i aust. Grensene i nord og sør er ikkje offisielt fastsett. Området ligg i Aust-Antarktis, og utgjer om lag ein sjettedel av heile Antarktis. Området er kalla opp etter dronning Maud (1869–1938), gemalinna til kong Haakon VII.

Hjalmar Riiser-Larsen var den første personen som steig i land i området i 1930. Den 14. januar 1939 gjorde Noreg krav på området. Den 23. juni 1961 vart Dronning Maud Land ein del av Antarktistraktaten, og det vart ei demilitarisert sone. Det er eit av to norske kravområde i Antarktis. Det andre er Peter I Øy. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 11

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 11, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 12

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 12, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 13

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 13, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 14

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 14, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 15

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 15, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 16

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 16, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 17

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 17, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 18

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 19

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 20

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 20, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 21

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 22

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 23

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 23, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 24

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 25

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 25, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 26

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 27

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 28

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 29

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 30

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 31

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 32

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 33

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 34

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 35

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 36

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 37

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 38

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 39

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 40

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 41

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 42

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 43

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 44

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 45

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 46

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 47

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 48

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 49

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 50

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 51

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 52

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2017
Vis - Se nynorsk - historikk


Wikipedia:Ukens artikkel. Arkiv for nynorskartiklene: 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 · 2014 · 2015 · 2016 · 2017