Hopp til innhold

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2023

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Betlehem
Betlehem

Betlehem er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, like sør for Jerusalem, med kring 25 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i Betlehem guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta. Ifølgje Det gamle testamentet er Betlehem Davidsbyen og ifølgje Det nye testamentet er Betlehem fødestaden til Jesus.

Betlehem har i dag ein muslimsk majoritet, men har òg eit av dei største palestinske kristne samfunna. Hovudnæringa i Betlehem er turisme, og høgsesongen er juletida, då kristne pilegrimar stimar seg kring Fødselskyrkja. Rakelgrava, som er ein viktig jødisk heilag stad, ligg nord i Betlehem. Les meir …