Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2019

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til navigering Hopp til søk



Uke 1
:nn:(Sittin' on) the Dock of the Bay

«(Sittin' On) The Dock of the Bay» er ein song skriven av soulsongaren Otis Redding og gitaristen Steve Cropper. Han vart spelt inn to gonger av Redding i 1967, den andre gongen berre dagar før han omkom i ein flystyrt. Songen vart gjeven ut på Volt-etiketten til Stax Records i 1968, og vart den første posthume singelen som toppa listene i USA. Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.

Redding skreiv på teksten til songen i august 1967, då han sat på ein husbåt i Sausalito i California. Han fullførte songen i lag med Cropper, som var produsent for Stax og gitarist for Booker T. & the M.G.'s. Songen inneheld plystring og lyden av bølgjer som bryt på kysten. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 2
Smålomho og unge

Smålom (Gavia stellata) er ein akvatisk fugl, og den einaste i lomfamilien som lever sirkumpolart i Holarktis. Han hekkar først og fremst i arktiske strøk, og overvintrar i nordlege farvatn. Smålommen er den minste og lettaste av alle lommar. Om vinteren er han lite iaugefallande, med gråaktig overside som falmar til kvitt under. Gjennom hekkesesongen, får han den særeigne raudlege halsflekken som er grunnlaget for artsnamnet på engelsk. Fisk gjer ut for hovuddelen av kosthaldet, sjølv om smålommar ofte supplerer med amfibium, virvellause dyr og plantematerialar. Dette er ein monogam art, smålommar dannar langsiktige parbindingar. Begge medlemmer av para bidrar til reirbygging, eggruging og mating av ungar.

Smålommen har ein stor global populasjon og ei monaleg global utbreiing, men nokre delar av bestanden er minkande. Oljesøl, habitatsøydelegging, ureining og fiskegarn er blant dei største trugsmåla denne arten står overfor. Naturlege predatorar inkluderer ulike måseartar, og både raudrev og fjellrev tar egg og ungar. Arten er verna av ei rekkje internasjonale avtalar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 3
'Arbeidar og kolkhoz-kvinne' av Vera Mukhina

Sosialistisk realisme er ei kunstretning som utvikla seg under kommunismen i Sovjetunionen og vart den rådande stilen i andre kommunistland. Sosialistisk realisme er ein teleologisk-orientert metode og stil som tok mål av seg til å fremje målsettingane i sosialismen og kommunismen. Tema for retninga var jamnast arbeidslivet og teknikken i den sosialistiske kvardagen, til dømes traktorkøyrarar på ein kolkhoz som optimistisk vender blikket opp og fram. Ein la vekt på røyndomsnær skildring med lågt innslag av abstraksjon og estetisering. Retninga har slektskap med sosialrealismen, men dei to må ikkje forvekslast. Tvert mot sosialrealismen glorifiserer den sosialistiske realismen ofte den fattige si rolle. Retninga var i ein viss grad ein reaksjon mot såkalla dekadente stilretningar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 4
Stortorvet og domkirken av P.F. Wergmann

Stortorget i Oslo er eit torg i Oslo sentrum. Det har vore sentraltorget i byen frå 1736, da det tok over etter Christiania gamle torg. Kringom torget ligg mellom anna Oslo domkyrkje, Glasmagasinet og Stortorvets Gjæstgiveri.

Stortorget har vore møteplass for innbyggjarane i byen, handleplass og trafikknutepunkt og er blomstertorget i Oslo. Det var òg plassen for det såkalla Torgslaget 17. mai 1829 og er kjend for skulpturen av Kristian IV, som blei avduka på staden i 1880. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 5
Candlemas Day av Marianne Stokes

Kyndelsmesse, formelt «Festen for framberinga av Herren i tempelet», er ein kristen feiringsdag til minne om at Jesusbarnet vart boren fram i Tempelet i Jerusalem førti dagar etter fødselen. Dagen vert feira 2. februar i vestleg og austleg kristendom, førti dagar etter jul. Dagen er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja, og ein «Principal Feast» i den anglikanske. Framføringa i Tempelet er rekna som eit av «Dei glederike mysteria» på den katolske rosenkransen. I liturgisk samanheng kan han markera slutten på jule- eller epifanitida. Denne dagen kan mange kristne ta med seg lys til kyrkja. Desse blir signa og brukt resten av året.

Dagen har vore brukt som vêrteikn fleire stader i Europa og Amerika. På Vestlandet i Noreg rekna ein til dømes med at finvêr denne dagen varsla fint vêr det året, medan det lenger nord, frå Nord-Trøndelag og nordover, heitte at mildvêr denne dagen ville gje dårleg vêr resten av året. Ein rekna gjerne med at halvparten av snøen var komen ved denne dagen. Dette kunne også vera dagen ein rekna med at halvparten av vinterfôret ville vera brukt opp. Vidare kunne ein seia at bjørnen snudde seg i hiet på kyndelsmessedagen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 6
Klarälven

Klarälven eller på norsk Klaraelva er ei elv som renn gjennom Värmland i Sverige og ut i Vänern, som er den største innsjøen i Sverige. Karlstad ligg ved utløpet av Klaraelva i Vänern. Elva har opphav i Hedmark. På norsk side heiter elva først Femundselva og lenger ned Trysilelva.

Heile elva er om lag 460 km lang. Klarälven er nesten 300 km lang på svensk side. Når ein reknar med Göta älv som renn ut av Vänern er vassdraget det lengste i Skandinavia med ei lengd på 756 km. Klarälven var den siste svenske elva med tømmerfløyting. Denne opphøyrde først i 1991. Langs elva er det no fleire vasskraftverk. Elva er dessutan godt eigna til fiske. Laksetrapper eller fisketrapper finn ein ved nokre av vasskraftverka, mellom anna ved Dejefors kraftverk. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 7
Kanariøyane

Kanariøyane er ei spansk øygruppe og autonom region som ligg i Atlanterhavet, utanfor nordvestkysten av Afrika. Øyane ligg om lag 1500 km frå det spanske fastlandet. Geografisk vert Kanariøyane rekna som ein del av Afrika sidan dei ligg på den afrikanske kontinentalsokkelen, men politisk og kulturelt vert dei rekna som ein del av Europa fordi dei er ein del av Spania. Øygruppa består av sju større øyar: Tenerife, Gran Canaria, Lanzarote, La Palma, La Gomera, Fuerteventura og El Hierro, i tillegg til fleire mindre øyar. Kanariøyane er ein del av Makaronesia saman med Asorane, Kapp Verde, Madeira og Selvagensøyane.

Vulkanen Teide på Tenerife er det høgaste fjellet i Spania og den tredje største vulkanen i verda. Den geografiske plasseringa til øyane og passatvindane gjer at klimaet kan vere mildt og fuktig eller veldig tørt. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 8
Karplantar i ein skog

Karplantar (Tracheophyta) er nemninga for alle landplantar bortsett frå mosane. Dei er kjenneteikna av eit indre vedvev som transporterer vatn og mineral inni planten, og eit ytre silvev som fraktar næringsstoff og sukker. «Kar» viser til vedrøyra i planten, og stammar frå eldre botanisk terminologi.

Plantegruppa har utvikla seg over 350–500 millionar år, og er dermed langt eldre enn pattedyra og like gamle som fuglane og dei eldste gjenlevende insekta. Karplantane er svært suksessrike. Dei har kolonisert heile jordkloden bortsett frå polområda. Størst suksess har dei enfrøblada grasartene hatt, og dei har enorm økonomisk verdi. Plantar i grasfamilien Poaceae – som ris, kveite, bygg, mais og hirse – har metta store delar av folkesetnaden på jorda dei siste 10 000 åra. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 9
Utsyn over Damaskus

Damaskus (arabisk دمشق, Dimashq) er hovudstaden og den nest største byen i Syria etter Aleppo. I Syria vart byen òg kalla ash-Sham, og kallenamnet er Sjasminbyen. I tillegg til å vere ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda, er Damaskus eit stort senter for kultur og religion i Levanten. Byen har ein estimert folkesetnad på 1 711 000 (2009). Byen ligg sørvest i Syria og er senteret i eit storbyområde med 2,6 millionar menneske (2004). Geografisk ligg byen i dei austlege forberga til Anti-Libanonfjella, 80 km aust for kysten av Middelhavet på eit platå 680 meter over havet. Damaskus har eit halvtørt klima på grunn av regnskuggen frå desse fjella. Elva Barada flyt gjennom Damaskus.

Byen vart først busett i det andre tusenåret fvt. og vart valt til hovudstad i Omajade-kalifatet frå 661 til 750. Etter sigeren til abbasidane vart hovudsetet for den islamske makta flytta til Bagdad. Damaskus vart politisk mindre viktig medan abbasidane styrte, og byrja først å bløme att under Ajjubide-dynastiet og mamelukkane. Undet det osmanske styret var byen igjen i nedgang, men heldt ein viss kulturell prestisje. I dag er han sete for dei sentrale styresmaktene og heile regjeringa. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 10
Slaget ve Varoux uder Dei franske revolusjonskrigane

Dei franske revolusjonskrigane var ei rekkje store konfliktar frå 1792 til 1802 mellom dei franske revolusjonære styresmaktene og fleire europeiske statar. Den franske revolusjonshæren utmerkte seg med gløden frå den franske revolusjonen og militære nyvinngar, og slo mange av dei fiendtlege koalisjonane. Frankrike fekk kontroll over Nederlanda, Italia og Rheinland. Krigen omfatta særs mange soldatar, hovudsakleg på grunn av den moderne verneplikta.

Dei franske revolusjonskrigane vert vanlegvis delte inn i Den første koalisjonen (1792–1797) og Den andre koalisjonen (1798–1801), sjølv om Frankrike var i samanhengande krig med Storbritannia frå 1793 til 1802. Krigane enda med Amiens-traktaten i 1802, men konflikten blussa raskt opp igjen med napoleonskrigane. Begge konfliktane vert stundom omtalte som «den store franske krigen». Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 11
Det tyske keisarriket i 1900

Det tyske keisardømet (tysk Deutsches Reich) er namnet på Tyskland frå 1871 til 1918, då det var eit delvis konstitusjonelt monarki. Det starta med samlinga av Tyskland, då Vilhelm I av Preussen vart erklært tysk keisar (18. januar 1871), og enda brått då Den tyske republikken vart utropt av Philipp Scheidemann (9. november 1918), og formelt då Vilhelm II abdiserte (28. november 1918).

Før samlinga av Tyskland bestod dei tyske områda av 39 forbundsstatar. Desse statane bestod av kongedøme, storhertugdøme, hertugdøme, fyrstedøme, frie hansabyar og eit keisarleg område. Kongedømet Preussen var det største av statane og dekte om lag 60 % av heile Det tyske riket. Fleire av desse statane hadde vorte suverene statar etter Det tysk-romerske riket vart løyst opp. Andre oppstod som suverene statar etter Wienerkongressen i 1815. Områda var ikkje nødvendigvis samanhengande og fleire statar bestod av fleire fråskilde område, både som følgje av historiske erobringar og delingar av familiegreiner. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 12
Frå Tråilltampen i 1978

Den norske visebølgja er ei musikk- og kulturrørsle som starta midt på 1960-talet i Noreg. Bølgja hadde høgdepunktet sitt på 1970-talet. Frå 1960-talet og utover omfatta viseomgrepet tekstlege og musikalske uttrykk innanfor dei fleste musikksjangrane og med stor spennvidde i kompleksitet, men alltid med teksten som eit sentralt element.

Over heile landet vart det etablert viseklubbar – ofte kalla vise- og lyrikklubbar. Frå Dolphins i Oslo kom Jack Berntsen i 1968 til Svolvær, der han starta Viseklubben Lovisa og fem år seinare festivalen Tråilltampen i Hamarøy i Nordland. I Oslo vart det hausten 1969 etablert viseklubb i Bikuben, biscenen til Det Norske Teatret. Etter at Dolphins vart lagt ned, vart Bikuben og Club 7 tilhaldsstadar for visemiljøet i Oslo. Dei fleste av dei tidlege norske festivalane var dominerte av akustiske innslag, også den første Kalvøyafestivalen som vart arrangert av Viseklubben Hades i Bærum (1971). Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 13
Rajasthani-måleri av Meerabai

Mirabai (ca. 1498–ca. 1547) var ein hinduisk songar og diktar frå Rajasthan. Mange legender blir knytta til livet hennar, og songane hennar blir framleis sungne overalt i India, mellom anna på oppbyggjande møte blant hinduar. Det finst hundrevis av religiøse songar som blir sagt å ha Mirabai som opphavskvinne, utan at det er mogleg å seie kven av dei som er ekte. Ifølgje professor John Stratton Hawley finst det berre éin song med signaturen hennar som kan førast attende til 16. hundreåret, då Mirabai levde.

Mirabai tilhøyrer den sterke bhakti-tradisjonen i indisk mellomalderpoesi, som legg vekt på kjærleiken til Gud gjennom bruken av analogiar frå mellommenneskelege relasjonar. Songane til Mirabai skildrar på glødande vis det fromme tilhøvet hennar til Krisjna, som altfor sjeldan kjem henne i møte. Åtskiljinga frå Gud og lengta etter han er det viktigaste temaet i diktinga hennar. Ein reknar med at Mirabai talte språket marwari. Seinare vart songane hennar påverka av braj-dialekten av hindi. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 14
Magnus Lagabøte

Magnus Lagabøte (1238–1280) var konge av Noreg frå 1263 til 1280. Han var gift med Ingeborg, dotter av danskekongen Erik Plogpenning. Paret fekk sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar av Noreg.

Magnus utførte eit stort arbeid for å modernisera lovverket, noko som gav han tilnamnet sitt, Lagabøte (lovforbetraren). Lovarbeidet førte til at Noreg var eit av dei første kongerika i Europa som var samla under ein lov. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 15
Akvarium i 1986

Akvarium (russisk Аквариум) er eit russisk rockeband som vart danna i Leningrad i 1972 av Boris Grebensjtsjikov (ofte berre kalla BG) og Anatolij «George» Gunitskij. Bandet har hatt ei heil rekkje forskjellige medlemmer, og BG er den einaste som har vore med heile perioden. Akvarium er eit av dei eldste russiske rockebanda, og i motsetnad til dei fleste andre rockebanda som vart starta i Sovjetunionen på 1970-talet held Akvarium framleis på i dag.

I 1980 spelte bandet på ein rockefestival i Tblisi som var eit forsøk frå den sovjetiske regjeringa på å kontrollere den nye rockerørsla. Offisielt var festivalen ein musikkonkurranse, og medlem av juryen vart ikkje imponerte over Akvarium si framføring. Etter konserten laga KGB ein rapport om Akvarium. Dette førte til at BG mista jobben sin i eit designbyrå og medlemskapen i Komsomol, det unge kommunistiske forbundet, som betydde ein hadde liten sjans for ein vidare jobbkarriere i Sovjetunionen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 16
Claudio Monteverdi

Claudio Monteverdi (1567–1643) var ein italiensk komponist, gambist og songar og er rekna som ein av dei største musikarane innan den eldre barokken. Han fekk særs stor innverknad over utviklinga av opera og det tonale tonespråket, men etter han døydde vart han stort sett gløymd. Han fekk ny merksemd då verka hans vart gjenoppdaga og gjevne ut på 1900-talet.

Etter at Jacopo Peri skreiv dei aller første forsøka på det ein i dag kan kalle opera, var Monteverdi raskt ute med meir utvikla verk og han skreiv den eldste operaen som framleis jamleg vert oppført, L'Orfeo. Han var den første viktige operakomponisten og førte sjangeren fram til sitt tidlegaste høgdepunkt. Men musikken hans var òg omstridd og vart angripen av representantar for den gamle renessansestilen. Dei første åtte samlingane til Monteverdi med madrigalar viser kva viktige skritt han tok frå den polyfone forma i renessansen til den monodiske forma i barokken. Den åttande madrigalboka med Madrigali guerrieri et amorosi («Madrigalar om krig og kjærleik») vert ofte halden fram som det ypparste innan denne musikkforma. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 17
Jean Binta Breeze

Jean Binta Breeze MBE (fødd i 1956 eller 1957) er ein jamaicansk-britisk diktar, songar og forteljar. Ho har også verka som teaterdirektør, koreograf, skodespelar, lærar og mentor, og som redaktør. Breeze byrja å dikta på same tid som dub-poesi, ei blanding av tala ord og reggae-rytmar, voks fram på Jamaica. Ho blir ofte omtalt som den første kvinna til å opptre innan sjangeren. Ho har sjølv skrive om vanskane med å ta del i denne mannsdominerte sjangeren, som ho oppplevde som avgrensande, og har seinare utvida eller fjerna seg frå han. Ho har brukt andre musikkformer i arbeidet sitt, som jazz, blues, mento og kaiso.

Breeze har framført verka sine i Karibia, Nord-Amerika, Europa, Søraust-Asia og Afrika. Ho har opptredd på turnear, mellom anna med litteraturgruppa Renaissance One, og ved årlege tilstellingar som Black History Month, festivalar som Glastonbury og Reggae Geel, og ved markeringar, som femtiårsmarkeringa for «Windrush»-seglinga frå Jamaica til Storbritannia i 1998, og feiringa av syttiårsdagen til den amerikanske forfattaren Maya Angelou. Ho har også samarbeidd med den afroamerikanske a cappella-gruppa Sweet Honey in the Rock. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 18
Topografisk kart over Balkan

Balkan er eit historisk og geografisk namn brukt om ein region i Søraust-Europa. Regionen har eit totalt areal på 550 000 km² og eit tilnærma innbyggjartal på 55 millionar menneske. Området har fått namnet sitt frå Balkanfjella som går gjennom sentrale områda av Bulgaria og austlege delar av Serbia. Balkan vert av og til kalla Balkanhalvøya sidan området grensar til vatn på tre sider: Svartehavet i aust, og armar av Middelhavet i sør og aust (inkludert Adriahavet, Det joniske havet, Egearhavet og Marmarahavet).

I antikken og tida før, var området heim for grekarar, illyrarar, peonarar, thrakarar, makedonarar og andre antikke folkegrupper. Seinare erobra Romarriket det meste av området og spreidde den romerske kulturen og det latinske språket, men ein stor del av området var framleis påverka av Hellas. Under mellomalderen var Balkan åstad for fleire krigar mellom Dei bysantinske, bulgarske og serbiske rika. Mot slutten av 1500-talet vart Det ottomanske riket den dominerande makta i regionen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 19
Beringsundet i Beringhavet

Beringhavet er eit havområde i Stillehavet som består av eit djuphavsbasseng (det aleutiske bassenget) som stig opp ein bratt skrent til grunnare vatn over kontinentalsokkelen.

Området dekkjer to millionar kvadratkilometer og grenser i aust og nordaust til Alaska, i vest til Sibir og Kamtsjatkahalvøya i Russland, i sør til Alaskahalvøya og Aleutane og i nord til Beringsundet med Nordishavet og Tsjuktsjarhavet på andre sida. Bristolbukta er delen av Beringhavet som skil Alaskahalvøya frå fastlandet i Alaska. Beringhavet er kalla opp etter den første europearen som segla over havet, den danske sjøfararen Vitus Bering.

Økosystemet i Beringhavet inneheld ressursar innanfor territorialfarvatnet til USA og Russland, og internasjonalt farvatn i det såkalla «Donut Hole». Vekselverknaden mellom havstraumar, havis og vêret dannar eit sterkt og produktivt økosystem. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 20
Bergen sett frå Fløyen

Bergen er ein by og administrasjonssenter i Bergen kommune i Hordaland fylke. Byen ligg på vestkysten av Noreg og er den største byen på Vestlandet. Bergen heitte opphavleg Bjørgvin, som tyder «den grønne enga mellom fjella». Han vart grunnlagd av Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299 då denne funksjonen vart flytta til Oslo, men var framleis den største byen i landet til ut på 1830-talet. Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune ligg i Bergen. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke.

Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bryggen i Bergen omfattar 61 freda bygningar, og står oppført på UNESCO si verdsarvliste. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå. Byen har fleire forskingsinstitutt som Havforskningsinstituttet, NIFES og Chr. Michelsens Institutt CMI. Her finst òg statlege etatar som Fiskeridirektoratet. Bergen lufthamn, Flesland er den internasjonale flyplassen som er knytt til byen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 21
Ono no Komachi

Ono no Komachi (ca. 825–ca.900) var ein japansk poet som levde ved keisarhoffet i den første helvta av Heian-perioden. Poesien hennar, som er djupt subjektiv, lidenskapleg og kompleks, var eit viktig førebilete for den poesien som voks fram i Japan i Heian-perioden, ein poesi som var prega av ein personleg tone og teknisk dugleik, attåt ei filosofisk og emosjonell djupne. I alt kjenner ein til snautt hundre dikt som er skrivne av Komachi. Livet og lagnaden hennar er også tema for fleire seinare no-skodespel.

Vi har særs få sikre opplysningar om livet til Ono no Komachi, og sogene som finst om henne er i mange høve ei salig blanding av historiske fakta og gissing. Historikarar meiner at ho kan ha vore dotter av herskaren i Dewa-provinsen, og at ho har vore hoffdame ved keisarhoffet i dagens Kyoto i midten av det 9. hundreåret. Det er sannsynleg at ho fekk minst eitt barn, sidan eitt av dikta i ein seinare, keisarleg diktantologi har «barnebarnet til Komachi» som forfattar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 22
Kaukasus

Kaukasus er ei fjellkjede i Eurasia mellom Svartehavet og Kaspihavet i Kaukasia. Kaukasus utgjer to separate fjellsystem, Store Kaukasus og Litle Kaukasus. Det høgaste fjellet i Kaukasus er Elbrus.

Kaukasus vart forma for om lag 23,8–28,5 millionar år sidan på grunn av tektonisk platekollisjon der den arabiske kontinentalplata flytta seg nordover og kolliderte med den eurasiske plata. Fjellsystemet er ei forsetjing av Himalaya. Heile området får regelmessig kraftige jordskjelv på grunn av denne aktiviteten. Forkastingane i Anatolia i Tyrkia og Iran flyttar seg side om side og hindrar subduksjon av kontinentalplata på veg nordover. Dette er årsaka til at det er få vulkanar i Store Kaukasus. Litle Kaukasus er derimot stort sett danna av vulkansk aktivitet. Vulkanplatået Dzjavakheti i Georgia og dei omliggande vulkankjedene, som strekkjer seg inn i sentrale område av Armenia, er nokre av dei yngste og mest ustabile av dei geologiske formene i området. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 23
The Kinks

The Kinks er eit engelsk rockeband. Det vart danna 17. mars 1963 og var ein del av den britiske bølgja. The Kinks har vorte kalla eit av dei viktigaste rockebanda gjennom tidene og vore ei inspirasjonskjelde for mange andre band heilt frå starten av.

Den opphavlege besetninga bestod av Ray Davies på vokal og rytmegitar, Dave Davies på sologitar og vokal, Pete Quaife på korvokal og bass og Mick Avory på trommer og perkusjon. The Kinks slo igjennom i 1964 med den tredje singelen sin, «You Really Got Me», skriven av Ray Davies. Dei tidlege, drivande singlane til bandet sette rock and roll-standarden på midten av 1960-talet, medan album som Face to Face, Something Else by The Kinks, The Kinks Are the Village Green Preservation Society, Arthur, Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One og Muswell Hillbillies og dei tilhøyrande singlane er høgt verdsette av tilhengjarar, kritikarar og likemenn, som nokre av dei viktigaste innspelingane på den tida. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 24
Måleri av Kabir som vevar

Kabir (fødd ca. 1440 i Varanasi, død ca.1518 i Maghar) var ein religiøs diktar og mystikar som blir dyrka som ein helgen mellom hinduar, sikhar og muslimar. Han er opphavsmann til den hinduiske sekta Kabir-panthis («Kabir-vegen»), som reknar Kabir som sin viktigaste guru. Jamvel om han vart fødd inn i ein muslimsk familie var han sterkt påverka av hinduismen. i dikta sine går han til åtak på utvendig pomp og prakt i både hinduisme og islam, og gjev uttrykk for at berre kjærleik til Gud kan føre til eit ekstatisk samband med det guddomlege.

Av yrke var Kabir ein muslimsk vevar (julaha) som budde i den heilage byen Banaras (som i vår tid heiter Varanasi), og høyrde såleis til på den lægre enden av det indiske kastesystemet. Då som no var Banaras eit sentrum for lærdom og handel, attåt å vere eit myldrande pilegrimsmål. Det gjorde at dikta hans kunne spreie seg snøgt over store delar av Nord-India. Heimbyen og yrket hans er elles også dei einaste sikre biografiske opplysningane vi har om Kabir. Ifølgje Bhaktamal (norsk «laurbærkrans av helgenar»), ei samling stutte, biografiske dikt komponert rundt år 1600, avviste Kabir dei bramin-dikterte formuleringane som ligg til grunn for kastesystemet, og forkasta dei seks skolane i ortodoks hinduisk filosofi. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 25
Sierra Nevada de Santa Marta

Sierra Nevada de Santa Marta er ei fjellkjede lengst nord i Colombia, men isolert og skilt frå Andes-fjellkjeda som går gjennom landet frå nord til sør. Det høgste fjellet når ei høgd på ca. 5775 moh. berre 42 kilometer frå den karibiske kysten, det gjer Sierra Nevada til verdas høgste kystområde. Sierra Nevada omfattar ca. 17 000 km² og fungerer som kjelda til 36 elvar. Fjellkjeda ligg innanfor tre departement, desse er Magdalena i vest, Cesar i søraust og La Guajira i nordaust.

Det høgste punktet i Sierra Nevada, og Colombia generelt, er rekna å vere Pico Cristóbal Colón på 5775 moh. Fjelltoppen like ved, Pico Simón Bolívar, er omtrent på same høgd og begge ligg i kommunen Aracataca. Sierra Nevada er ei kompakt fjellkjede, med etter måten lite arealutbreiing i området, og fullt omgjeve av lågtliggande landområde med høgder som ligg under 200 m. Hovudryggraden i Andes kan ikkje nåast frå Sierra Nevada utan å gå under 200-meternivået. Dette gjev det høgaste punktet her verdas femte største primærfaktor. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 26
Støvkvervel i Arizona

Støvkvervel, kvervelvind eller dust devil er ei roterande luftsøyle som kan vere alt frå ein halv meter i diameter til over 10 meter. Høgda på dei kan variere frå eit par meter til over 1000 meter. Støvkvervlar er vanlegvis ufarlege, men i sjeldne tilfelle kan dei vekse seg så pass store at dei kan gjere skade på menneske og eigedom. Dei kan samanliknast med tornadoar sidan dei begge er uvanlege vêrfenomen og roterande luftsøyler.

Støvkvervlar oppstår når svært varm luft nær overflata stig raskt gjennom små lommer med kjøligare luft i høgda over. Viss forholda ligg til rette for det, kan dei byrje å rotere. Når lufta plutseleg stig, kan den varme lufta bli strekt ut vertikalt. Dette fører til ein auka rotasjon som følgje av prinsippet om bevaring av vinkelmoment. Rotasjonseffekten gjer at varm luft vil strøyme inn mot botnen av kvervelen. Når meir varm luft strøymer inn imot kvervelen for å erstatte den stigande lufta, vil rotasjonseffekten auke og oppretthalde seg sjølv. Ein støvkvervel er som ein traktforma skorstein der varm luft strøymer oppover i roterande rørsle. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 27
Hans Strøm

Hans Strøm (25. januar 1726–1. februar 1797) var ein norsk prest, topograf og naturforskar. Han er særleg kjend som forfattar av det topografiske tobandsverket kalla Søndmørs Beskrivelse. Verket er ei allmenn framstilling om naturen på Sunnmøre, og om det naturbaserte næringslivet. Dette verket etablerte Strøm brått som ein leiande vitskapsmann i Noreg.

I 1763 vart Strøm «korresponderande» medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 1764 vart han innvotert medlem av Det Kgl. Videnskapers Societet i København. Seinare vart han også medlem av liknande svenske og tyske selskap, mellom anna Kungliga Vetenskapsakademien. Han gav elles ut nokre mindre avhandlingar, særleg innan zoologi. Strøm tok i 1790 den teologiske doktorgraden dr.theol. med ei avhandling om urkristendommen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 28
Skulptur av Sara frå Notre-Dame-kyrkja i Garaison

Sara eller Sarai er ein matriark i Den hebraiske bibelen. Ho er omtalt i 1. Mosebok, som fortel at ho var kona til patriarken Abraham. I høg alder blei ho mor til patriarken Isak. Sara er den første av dei fire matriarkane i jødedommen. I jødisk tradisjon kan ho omtalast som Sarah Imeinu, 'Sarah mor vår'.

Sara døydde i ein oppgjeven alder av 127 år i Kirjat-Arba. Abraham kjøpte ein gravplass av hetittane som budde der, og ho skal ha blitt gravlagd i det som er blitt kjend som Patriarkgrotta eller Makpela-hola. Denne staden ligg i den gamle byen Hebron, og er den nest heilagaste staden for jødar, og har også ei viktig rolle for kristne og muslimar. Begge desse sistnemnde gruppene har tradisjonar som seier at tre bibelske par er gravlagde der: Abraham og Sarah, Isak og Rebekka og Jakob og Lea. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 29
Frå Canna i Skottland

Canna (skotsk-gælisk Canaigh; Eilean Chanaigh, kanskje av norrønt Kné-ey) er den vestlegaste av Small Isles i dei Indre Hebridane i Skottland. Ho har samband til naboøya Sanday via ein veg og sandbankar som kjem til syne ved lågvatn. Øya er 7 km lang og 1,5 km brei. Dei isolerte skjera Hyskeir og Humla ligg 10 km sørvest for øya.

Canna har vore busette sidan yngre steinalder, og det er fleire gamle fornminne på øya. Det var eit gammalt nonnekloster her som ifølgje tradisjonen vart grunnlagt av Columba av Iona. Dette skal ha vore eitt av dei første slike klostera innanfor grensene av dagens Skottland. Klosteret vart forlate på 800-talet på grunn av herjingane til vikingane, men kom i drift att ein gong etter år 1000 og var i drift til 1400-talet. I dag er berre ruinane av grunnmurene igjen. Desse er framleis synlege der nonneklosteret låg sør på øya. Øya var formelt sett eigd av klosteret på Iona fram til 1627. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 30
Canned Heat i 1970

Canned Heat er eit USA-amerikansk rockeband skipa i Los Angeles i 1965. Gruppa er kjend for tolkingane sine av bluessongar og for å fremje intressa for denne musikktypen og artistane som originalt spelte songane. Bandet vart skipa av to bluesentusiastar, Alan Wilson og Bob Hite, som tok namnet sitt frå Tommy Johnson-songen «Canned Heat Blues» frå 1928, ein song om ein alkoholikar som i desperasjonen drikk Sterno, som vart kalla «canned heat» (tørrsprit) på engelsk.

Musikken og haldninga til Canned Heat gav dei mange fans og dei vart etablerte som ein av dei mest populære artistane i hippietida. Canned Heat spelte på dei fleste store musikkhendingane i slutten av 1960-åra, og spelte bluesstandardar og sine eigne songar, som stundom drog ut i lange «psykedeliske» soloar. To av songane deira, «Going Up the Country» og «On the Road Again», vart internasjonale hittar. Etter konsertar på Monterey og Woodstockfestivalen mot slutten av 1960-åra, vart bandet verdskjend med ei besetning som bestod av Hite (vokal), Wilson (gitar, munnspel og vokal), Henry Vestine og seinare Harvey Mandel (sologitar), Larry Taylor (bass) og Adolfo de la Parra (trommer). Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 31
Byste av Cicero

Marcus Tullius Cicero var ein romersk politikar, advokat og forfattar. Han blir rekna som den fremste oratoren i romersk historie, og skreiv blant anna bøker om retorikk, filosofi og statsteori. I tillegg er 58 av talane hans og cirka 900 brev berga for ettertida. Cicero skapte seg eit ry som orator i politikken og i rettssalen, der han føretrekte å vere forsvarsadvokat og i dei fleste tilfelle talte sist, grunna dei kjensleframkallande evnene hans som talar. Ifølgje Cicero lyt ein god retorikar blant anna ha kunnskap om litteratur, god kjennskap til filosofi, juridisk ekspertise og sogekunne, attåt evna til å nytte generelle prinsipp i ei konkret sak og sjarmere juryen med humor.

Cicero starta karrieren som advokat før han gjekk inn i politikken. Under den politiske uroa som rådde i Roma på på 40-talet f.Kr. var Cicero ein markant talsmann for republikanske ideal. På denne tida var det gamle republikanske systemet var i ferd med å forvitre, og i løpet av eit par tiår kom republikken til å falle for eineveldet til Julius Cæsar og Augustus. Etter drapet på Julius Cæsar i 44 f.Kr. freista han å styre Roma mot ei attervending til ei republikansk styreform, men vart avretta av ein flokk soldatar under proskripsjonane i 43 f.Kr. som følgje av ein maktkamp med Marcus Antonius. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 32
Sarkofagen til Constantina

Constantina (fødd kring 320, død 354) var dotter av Konstantin den store av Romarriket og seinare rekna som ein kristen helgen. Constantina var eldstedottera til Konstantin den store og den andre kona hans Fausta, som var dotter av keisar Maximianus. Ho hadde tre yngre brør, dei seinare keisarane Konstantin II, Konstantius II og Konstans, og ei yngre sysrer, Helena, som blei romersk keisarinne. Ho hadde også ein eldre halvbror, Crispus. I 326 avretta Kontantin først Crispus og seinare Fausta og fordømde minnet deira av grunnar som ikkje er klare.

Constantina levde på ei tid då det var strid om herredømet over Romarriket, også innanfor keisarfamilien. Samtidig var riket i ferd med å få kristendommen som statsreligion. I samtida var Constantina knytt til konfliktar om maktutøving og skulda for å vera blodtørstig. I ettertid som helgen er ho blitt rekna som ein god kristen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 33
78-plate

78-plate, og kalla skjellakkplate og steinkake, er ei grammofonplate med riller som inneheld ein analog representasjon av lyd. 78-platene blir avspela ved nominelt 78 omdreiingar i minuttet — derav namnet 78-plate. Nokre av dei eldste 78-platene hadde berre lydopptak på éi side, men dei fleste 78-platene hadde lydopptak på båe sidene — eitt spor per side. Platene vert spela utanfrå og innover.

Dei fyrste platene vart laga av mange ulike materialar, som hard gummi, ei blanding av voks og eterar. Rundt 1895 gjekk ein over til ei blanding av ca. 1/3 skjellakk og resten mineral som skifer, kalk, bomullfiber osb., men dei ulike føretaka nytta noko ulike materialar og blandingstilhøve. Grunnen til at ein blanda skjellakk med mineral var at plater laga av skjellakk åleine ikkje var stabile nok. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 34
Regnbokeparadisfugl

Paradisfuglar er medlemmer av familien Paradisaeidae av ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Dei fleste artane i denne familien er funne på Ny-Guinea og øyane omkring, med tillegg av nokre få artar som finst i Molukkane i Indonesia og i austlege Australia. Familien har 41 artar i 16 slekter. Medlemmene i denne familien er kanskje best kjende for fjørdrakta hos hannfuglar på dei fleste artane, dei har særs langstrakte og forseggjorde fjører som strekkjer seg frå nebbet, venger eller hovud. Dei fleste artane har utbreiing i tett regnskogshabitat. Kosten hos alle paradisfuglar er dominert av frukt og i mindre grad leddyr. Paradisfuglar har ei rekkje sosiale system for forplanting, frå monogami til leikbasert fleirkoneri.

Familien er av kulturell tyding for innbyggjarane på Ny-Guinea. Handel med skinn og fjører av paradisfuglar har gått føre seg i to tusen år, og fuglane har vore av betydeleg interesse for vestlege samlarar, ornitologar og skribentar òg. Ei rekkje artar er trua av jakt og tap av habitat. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 35
Prince Edwardøyane

Prince Edwardøyane er to småøyar i det subantarktiske Indiahavet som er ein del av Sør-Afrika. Øyane heiter Marion Island og Prince Edward Island. Øyane i gruppa har status som spesielt naturreservat i Sør-Afrika, så all aktivitet på øyane er avgrensa til forsking og bevaring. Den einaste busetnaden på øyane er mannskapet på ein meteorologisk og biologisk forskingsstasjon driven av Det sørafrikanske nasjonale antarktisprosjektet på Marion Island.

I dette kalde klimaet er plantelivet avgrensa til gras, mosar og lav, medan ein av dyreliv finn store bestandar av sjøfuglar, selar og pingvinar. Dyrelivet er særleg sårbart for innførte artar, og eit særleg problem har vore kattar. I 1949 vart fem huskattar førte til Marion Island for at dei skulle ta seg av problem med mus på stasjonen. Kattane formeirte seg raskt, og i 1977 var det kring 3 400 kattar på øya som levde på petrellar i staden for mus, og trua med å utrydde fuglane på øya. Somme petrellartar vart faktisk utrydda, og det vart sett i gang ein plan for å utrydde kattane. Nokre få kattar vart infisert med eit virus, og dette reduserte kattebestanden til kring 600 i 1982. Kattane som var att, vart jakta på og skotne, og ein trur at kattane i dag er heilt borte frå øya. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 36

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 37

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 38

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 39

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 40

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 41

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 42

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 43

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 44

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 45

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 46

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 47

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 48

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 49

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 50

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 51

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 52

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2019
Vis - Se nynorsk - historikk