Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2023
Fysisk oseanografi er studiet av dei fysiske tilhøva og dei fysiske prosessane i havet, særleg rørsler og fysiske eigenskapar til sjøvatn. Havet er langt djupare enn kontinenta er høge. Ser ein på den hypsografiske kurva til jorda så er middelhøgda til landmassane på joda berre 840 meter over havet, medan middeldjupna til havet er 3 800 meter. Sjølv om avviket er stort for både land og sjø, er ekstreme tilfelle som fjell og groper sjeldne.
Om lag 97 % av vatnet på planeten er i havet, og hava er ei kjelde til enorme mengder vassdamp som kondenserer i atmosfæren og fell som regn eller snø på kontinenta. Den enorme varmekapasiteten til hava moderer klimaet på planeten, og absorpsjon av forskjellige gassar påverkar samansettinga av atmosfæren. Havet påverkar til og med samansetjinga av vulkanske bergartar på havbotn ved hjelp av metamorfose, og ved vulkanske gassar og magma som vert skapt i subduksjonssoner. Les meir …