Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2020

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til navigering Hopp til søk



Uke 1
Dagr av Peter Nicolai Arbo

Peter Nicolai Arbo (1831–1892) var ein norsk biletkunstnar som særleg er kjend for måleria sine med motiv frå ein nordisk historisk-mytologisk emnekrins. Dei mest kjende bileta hans er Åsgårdsreien og Valkyrien.

Arbo starta kunstutdanninga si med eit skuleår ved Helsteds Tegneskole i København 1851-1852. Etter det reiste han til Düsseldorf og studerte på kunstakademiet der frå 1852 til 1861. Frå 1853 til 1855 studerte han under rettleiing av Karl Ferdinand Sohn som var professor i figurmåleri, og frå 1857-1858 under J.E. Hünthen som var slag- og dyremålar. I 1861 flytte Arbo heimatt til Noreg og han fór året etter på ei studiereise i lag med Hans Gude og Frederik Collett i heimlandet. I 1863 måla han den fyrste versjonen av Hesteflokk på høyfjellet, eit motiv han seinare tok opp att fleire gonger, og versjonen frå 1889 er i Nasjonalgalleriet si eige og vert rekna med mellom dei viktigaste verka hans. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 2
Blues Harp-munnspel

Blues er ein musikksjanger basert på bruken av blåtonar. Han oppstod i afroamerikanske samfunn i USA ut frå negro spirituals, arbeidssongar og enkle balladar på rim. Bruken av blåtonar og call and response (kall og korsvar) i musikken og tekstane syer den afrikansk påverknaden på sjangeren. Uttrykket «the blues» viser til «the blue devils» («dei blå demonane») som står for nedstemte kjensler, melankoli og sorgmod. Ein tidleg referanse til «the blues» finn ein i George Colman sin farse Blue devils (1798). Sjølv om bruken av uttrykket i afroamerikansk musikk kan vere eldre, vert songen «Dallas Blues» av Hart Wand frå 1912 rekna som den første blues-songen. I tekstar vart uttrykket ofte nytta for å skildre ei nedtrykt stemning.

Blues påverka seinare amerikansk og vestleg popmusikk, sidan han danna grunnlaget for jazz, rhythm and blues og bluegrass. I 1960- og 1970-åra vart ei blandingsform kalla bluesrock utviklinga frå blues og forskjellige former for rock 'n' roll. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 3
Johan Cruijff

Johan Cruijff (1947–2016) var ein nederlandsk fotballspelar og -trenar fødd i Amsterdam. Han spela for Ajax Amsterdam, FC Barcelona, Los Angeles Aztecs, Washington Diplomats, UD Levante og Feyenoord. Etter at han slutta som fotballspelar var Cruijff trenar for Ajax Amsterdam og FC Barcelona. Også her hadde han stor suksess.

Cruijff vann Gullballen som årets fotballspelar i Europa i 1971, 1973 og 1974. Han vart rekna som ein av dei beste spelarane i si samtid. Han vart halden fram som sentral i den såkalla totalfotballen som gav det nederlandske landslaget suksess i 1970-åra. Ei finte, Cruijff-vendinga, er oppkalla etter han. For å utføre finta, let Cruijff som han skulle til å sentre ballen. I staden for å sparke ballen, drog han den bak stambeinet med innsida av den andre foten. Samstundes vende han 180 grader og akselererte på utsida av forsvarsspelaren. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 4
Statue av Dagmar ved Riberhus

Dagmar av Danmark (død 24. mai 1212) var ei dansk dronning gift med kong Valdemar Sejr og mor til prins Valdemar den unge. Dagmar blei fødd i kongsborga Vyšehrad i Praha på slutten 1100-talet som prinsesse Margaretha (Markéta) av Böhmen. Foreldra hennar var Přemysl Ottokar I av Böhmen og den første kona hans, Adelheid av Meissen.

Lite er kjent om dronning Dagmar som person, men ho er framstilt på ein idealisert måte i mange danske folkeviser. Ifølgje Rydårbogen frå 1250 påverka ho Valdemar til å sleppa fri fienden sin, biskop Valdemar av Slesvig, i 1206. Omtalen i folkeviser teikner henne gjerne som ei mild, god, gufryktig og mykje omtykt ideell kristen dronning, ein kontrast til den upopulære etterfølgjaren sin Berengaria (Benggerd). Det er sett opp ein minnestatue av henne på Riberhus. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 5
Dorothe Engelbretsdotter avbilda i førsteutgåva av Taare-Offer

Dorothe Engelbretsdotter (1634–1716) frå Bergen var den første kjende kvinnelege forfattaren frå Noreg. Ho skreiv salmar, høvesdikt og rimbrev. Dikta hennar er barokke og sterkt religiøse, og var svært folkekjære då dei vart gjevne ut. Siælens Sang-Offer er rekna hovudverket hennar. Verket inneheld perikopesalmar, salmar skrivne til bibeltekstar som ein kunne lesa til kyrkjelege høgtidsdagar og sundagar. Mange av dei er også botssalmar eller salmar knytte til ars moriendi, 'kunsten å døy'. Taare-Offer var det andre store verket hennar, og vart trykt for første gong i 1685. Dikta har motiv frå Lukas-evangeliet, kapittel 7,36-50 («Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne»).

Dorothe Engelbretsdotter var prestedotter, og vart seinare prestekone før ho levde fleire år som enkje. Ho var ein av dei første kvinnelege forfattarane som klarte å livnæra seg av skrivinga si. I 1684 fekk ho innvilga fullstendig skattefridom på livstid av kongen. Mange ser på skattefridomen som den fyrste diktargasjen gjeven til nokon i Noreg. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 6
Fødande pilskate

Fødsel viser til når eit foster kjem ut frå mororganismen, og blir ofte rekna som byrjinga på livet. Dei fleste pattedyr og andre vivipare eller ovovivipare dyr – nokre amfibium, reptil, fiskar og virvellause dyr – føder levande ungar. Under ein pattedyrfødsel blir livmora tømd for innhald: Fostervatn, foster og det som måtte vera av etterbyrd, som morkake, hinner og væske. Normalt har ein slik fødsel tre fasar – opning av fødselskanalen, utdriving av foster, og etterbyrdstida.

Store pattedyr som kvalar, elefantar, sjiraffar, flodhestar, nashorn, storfe, hestar, selar og primatar føder ofte berre eit avkom om gongen, sjølv om tvillingar og andre fleirfødslar førekjem. Dei fleste av desse avkoma er meir utvikla enn menneskeungar ved fødselen, ved at dei til dømes kan stå og gå eller symja nokså snart etter fødselen. Andre pattedyr, som kattedyr, hundedyr, revar og gnagarar, føder gjerne større kull med mindre utvikla ungar som til dømes kan mangla hår, syn, tenner og evna til å regulera kroppsvarmen sin. Desse ligg i eit reir eller hi og blir mata av mora og passa på av henne og eventuelt andre slektningar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 7

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 7, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 8

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 8, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 9

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 9, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 10

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 10, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 11

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 11, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 12

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 12, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 13

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 13, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 14

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 14, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 15

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 15, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 16

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 16, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 17

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 17, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 18

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 19

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 20

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 20, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 21

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 22

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 23

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 23, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 24

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 25

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 25, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 26

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 27

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 28

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 29

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 30

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 31

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 32

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 33

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 34

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 35

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 36

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 37

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 38

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 39

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 40

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 41

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 42

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 43

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 44

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 45

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 46

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 47

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 48

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 49

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 50

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 51

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 52

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2020
Vis - Se nynorsk - historikk