Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2018

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til: navigasjon, søk



Uke 1
1860-åra

1860-åra var eit uroleg tiår i Amerika, Asia og Europa, prega av revolusjonar i Det osmanske riket og Tyskland og borgarkrig i USA. Det blei utvikla ny militærteknologi som krigsskip av jern og stål, undervassbåtar og ei tidleg utgåve av maskingevær, og USA opplevde total krigføring med store tap av menneskeliv, byar og eigedom. Den atlantiske slavehandelen braut saman då USA innførte forbod mot slaveri.

Dette tiåret skaut samlinga av Italia fart under kong Viktor Emmanuel II. Dominionet Canada blei skipa gjennom British North America Act av 1. juli 1867. Den andre opiumskrigen enda offisielt den 18. oktober 1860. Kina måtte gje etter for vestlege makter i ei rekkje saker; og opiumshandelen vart legalisert. Taipingopprøret (1860-1964) mot Qing-dynastiet enda då Nanjing fall 19. juli 1864. Meijirestaurasjonen fann stad i Japan (1866–1869) då den siste shogunen tapte kontroll til fordel for Meiji-keisaren, og ei rekkje reformar følgde. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 2
Våpenet til Trøndelag fylkeskommune

Trøndelag fylke er eit fylke i Noreg som vart oppretta 1. januar 2018. Fylket er ei samanslutning av fylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, som vedtok å slå seg saman i april 2016. Trøndelag fylke er det nest største fylket i Noreg i flatevidd og det femte største i innbyggjartal.

Både fylkeskommunen og fylkesmannen har hovudsete på Steinkjer og avdeling i Trondheim. Fylkeskommunen har administrativ leiing med rådmannsfunksjon lagt til Steinkjer og ordførarfunksjonen er lagt til Trondheim.

Fylkesvåpenet til Trøndelag er ein utbøygd gull kross på sølv grunn. Det har tidlegare vore våpenet til Nord-Trøndelag fylke, frå 1957 til 2018. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 3
Hovudbygningen til NTNU i Trondheim

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er eit offentleg universitet som opphavleg berre låg i Trondheim, men som frå 1. januar 2016 vart slege saman med Høgskolen i Gjøvik, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Sør-Trøndelag som eitt universitet med namnet Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), og såleis fekk campus fleire stader i landet. Campusane i Gjøvik og Ålesund heiter no formelt NTNU i Gjøvik og NTNU i Ålesund. Etter denne samanslåinga vart universitetet det største i Noreg. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 4
Åge Aleksandersen har markert seg ved å framføre songtekstane sine på trøndersk.

Trøndersk er ein norsk dialekt som blir tala i Trøndelag, på Nordmøre og i Bindal. I to av dei gamle norske provinsane i Sverige — Jämtland og Härjedalen — blir det tala nærskylde dialektar.

Dialektane har ein del felles med dialektane på Austlandet, som til dømes jamning, lågtone-setningsmelodi, retroflekse konsonantar og andre trekk felles med nordnorsk som palatalisering og apokope. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 5
Opning av Rørosmartnan 20. februar 2007

Røros er ein kommune i Trøndelag. Kommunen ligg lengst søraust i fylket, grensar i aust mot Sverige og i sør mot Hedmark. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslutning av dei tidlegare kommunane Røros Bergstad, Røros landsokn, Brekken og Glåmos.

Røros er særleg kjent for den tidlegare verksemda ved Røros kobberverk, som er vist fram i Rørosmuseet, i forfattarskapen til Johan Falkberget, og i statusen til Røros som verdsarvstad sidan 1980. Rørosmartnan vert arrangert kvart år i februar. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 6
Marit Bjørgen i 2013

Marit Bjørgen er ein norsk langrennsløpar og fleire gonger verdsmeister. Ho er fødd i Trondheim og voks opp på Rognes i Midtre Gauldal kommune. Ho er den som har vunne flest VM-medaljar i langrenn med 26 medaljar, 18 av dei gullmedaljar: Ein frå 2003, tre frå 2005, fire frå 2011, fire frå 2013, to frå 2015 og fire frå 2017.

Bjørgen har vunne verdscupen samanlagd fire gonger, sprintverdscupen fire gonger og distansecupen to gonger. Ho er med sine 112 sigrar den langrennsløparen i verda som har vunne flest verdscuprenn individuelt. Ho har også 29 verdscupsigrar i stafett, vunne 24 norske meisterskap i langrenn. Ho vann Tour de Ski 2015. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 7
Aden

Aden er ein hamneby i Jemen ved Adenbukta, nær innløpet til Raudehavet og kring 170 km aust for Bab-el-Mandeb. Byen har kring 800 000 innbyggjarar. Han ligg ved ei gammal, naturleg hamn i krateret av ein sovande vulkan som no dannar ei halvøy. Halvøya er knytt til fastlandet via eit lågt eid. Denne hamna, Front Bay, vart først nytta av det eldgamle kongedømet Awsan mellom 600- og 400-talet fvt. Den moderne hamna ligg på kvar side av halvøya.

Aden var hovudstaden i Sør-Jemen fram til landet vart slått saman med Nord-Jemen i 1990, og igjen ei kort tid etter statskuppet i Jemen 2014-2015, då presidenten Abd Rabbuh Mansur Hadi måtte flykta frå houthiane som okkuperte Sana. Frå mars til juli 2015 raste slaget ved Aden mellom houthiar og styrkar lojale til president Hadi. Byen slapp nesten opp for vatn, mat og medisinar. Den 14. juli sette den saudiarabiske hæren i verk ein offensiv for å ta attende Aden for Hadi. I løpet av tre dagar var houthiane borte frå byen. I januar 2018 tok ei sørjemenittisk lausrivingsgruppe kontroll over det meste av byen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 8
Charles Babbage

Charles Babbage (1791–1871) var ein engelsk matematikar. Han er kjend for skissene sine av maskiner, til dømes ein differansemaskin, som var forløparen for dagens datamaskinar. Påbegynte konstruksjonar og teikningar av desse maskinene finst på London Science Museum. I 1991 vart det produsert, på grunnlag av teikningane til Babbage, ein ferdig differansemaskin som fungerte slik det var tenkt. Han vart produsert med presisjonsnivå og toleransar som var fullt moglege på 1700-talet, noko som beviser at maskinen til Babbage ville ha fungert viss han hadde fått ferdigstilt han.

I 1821 presenterte Babbage ein modell til noko han kalla differansemaskinen (The Difference Engine) for Royal Astronomical Society. Formålet med denne maskinen var å framstille logaritmetabellar der logaritmeberekninga vart tilnærma av polynom med ein numerisk metode, differansemetoden. Ideen vart godkjent, og i 1823 mottok han eit bidrag frå den britiske regjeringa på 1500 pund for å realisere konstruksjonen. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 9
Countrytrioen Lucy Angel i 2015

Country er ein populær musikksjanger frå USA som sprang ut frå landsbygda i Sørstatane i 1920-åra. Han har røter frå western cowboy-musikk og USA-amerikansk folkemusikk frå søraustlege delar av landet. Country består ofte av balladar og dansemelodiar med generelt enkle former og harmoniar akkompagnert av hovudsakleg strengeinstrument som banjo, elektrisk og akustisk gitar, fele og munnspel.

Omgrepet «country» eller «countrymusikk» vart populært i 1940-åra då det tok over for det tidlegare omgrepet «hillbillymusikk». «Country» vert i dag nytta til å skildra mange forskjellige countrysjangrar og undersjangrar. Country har produsert to av dei mestseljande soloartistane gjennom tidene. Elvis Presley, som i starten vart kjend som «The Hillbilly Cat», vart ein av dei som definerte rock 'n' roll. Garth Brooks er den mestseljande soloartisten i amerikansk historie. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 10
Jegerar i snøen. Måleri av Pieter Bruegel den eldre, truleg frå 1565

Den vesle istida er ei nemning på ein kjøligare periode som fann stad etter Den varme perioden i mellomalderen. Det var ikkje ei eigentleg istid, men termen har vore nytta sidan han blei introdusert i vitskapleg litteratur av François E. Matthes i 1939. Konvensjonelt har ein definert den vesle istida til ein periode mellom 1500- og 1800-talet, men nokre ekspertar føretrekk ein alternativ periode frå rundt 1300 til rundt 1850. Den vesle istida sette i gang til ulike tider rundt på jorda og det meste tyder på at den nordlege halvkula vart hardast råka. Perioden var prega av strenge vintrar og mykje nedbør, men vår- og hausttemperaturane var òg lågare enn normalt. Kor mykje temperaturen fall med i snitt er det ulike oppfatningar av, men nokre anslag er inntil ei grad i tilhøve til dagens temperatur. Sjølv om folk ikkje kjende det så godt på kroppen, merkte ein det på avlingane med kortare vekstperiodar.

Det er lagt fram fleire moglege årsaker til Den vesle istida: Avtakande solaktivitet, hyppigare vulkanutbrot, endringar i karbondioksidnivået i atmosfæren, endringar i dei globale havstraumane, endringar i jordbanen og aksehellinga til jorda, vanleg variabilitet i globalt klima og nedgang i folketalet. Av desse har særleg dei to første blitt framheva. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 11
«Heere begynneth the knyghtes tale». Side frå Ellesmere-manuskriptversjonen av Geoffrey Chaucer sitt verk Canterbury Tales.

Engelsk litteratur kan visa til all engelskspråkleg litteratur, men kan i snevrare forstand visa til litteratur skriven i eller rundt England på moderne engelsk, mellomengelsk eller gammalengelsk. Litteraturen har gått gjennom ei rekkje språklege og stilistiske endringar med innspel frå fleire andre tradisjonar, frå gammalengelsk dikting med bokstavrim og fornyrdislag til mellomengelske riddarromanar etter fransk/normannisk tradisjon til verk frå renessansen, klassisismen og seinare påverka av klassisk gresk og latinsk litteratur. Moderne engelsk litteratur var mellom anna sentral i utviklinga av romansjangeren og av kriminallitteratur.

Sentrale forfattarar innan denne litteraturen er Geoffrey Chaucer, ein av dei første som skreiv litteratur på mellomengelsk; William Shakespeare, verdskjend for skodespel, dikt og ei rekkje språklege nyvinningar, barokkdiktaren John Milton som hadde stor tyding både i samtida og ettertida, nyskapande romanforfattarar som Jane Austen og Charles Dickens, romantiske diktarar som William Wordsworth og John Keats, og frå Det britiske imperiet og den postkoloniale tida betydelege innvandra forfattarar som Rudyard Kipling, Joseph Conrad, Doris Lessing og V.S. Naipaul. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 12
Frans Josefs land

Frans Josefs land (russisk Земля Ифранца-Иосфифа, Zemlja Frantsa-Iosifa) er ei øygruppe nord i Russland. Ho ligg heilt nord i Barentshavet, nord for Novaja Zemlja og aust for Svalbard, og vert administrert av Arkhangelsk oblast. Frans Josefs land består av 191 isdekte øyar og er stort sett ikkje busette. Dei ligg på breiddegrader mellom 80,0° og 81,9° nord, og er den nordlegaste øygruppa i Eurasia. Det nordlegaste punktet er Kapp FligelyRudolføya. Øygruppa er berre 900 til 1100 km frå Nordpolen, nærare enn all anna landmasse bortsett frå Ellesmereøya i Canada og Grønland.

Øygruppa vart kanskje først oppdaga av den norske selfangarane Nils Fredrik Rønnbeck og Aidijärvi om bord på skonnerten «Spidsbergen» i 1865, som i følgje eit fåtal rapportar segla austover frå Svalbard til dei nådde nytt land, som dei kalla Nordøst-Spitsbergen (Spitsbergen var det dåverande namnet på heile Svalbard). Det er ikkje kjend om dei gjekk i land, og dei nye øyane gjekk raskt i gløymeboka. Øyane vart offisielt oppdaga i 1873 av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen leia av polfararane Payer og Weyprecht. dei kalla øygruppa opp etter den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef I. Sidan ekspedisjonen berre var privat dekt og ikkje offisiell, vart desse øyane aldri ein del av Austerrike. I 1926 tok Sovjetunionen over øyane og eit par personar vart busett her for forskings- og militærføremål. Det er berre mogeleg å vitje øyane med skip om sommaren og dette krev spesialløyve. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 13
Kart over Gazastripa

Gazastripa er eit sjølvstyrt område på austkysten av Middelhavet med ei 11 km lang grense til Egypt i sørvest og ei 51 km lang grense mot Israel i aust og nord. Gazastripa oppnådde den nordlege og austlege grensa då kampane slutta etter krigen i 1948, og dette vart stadfesta i den egyptisk-israelske våpenkvileavtalen den 24. februar 1949. All-Palestina på Gazastripa vart styrt av dei militære styresmaktene i Egypt, og fungerte som ein marionettstat, fram til området offisielt vart slått saman med Den sameinte arabiske republikken og oppløyst i 1959.

Frå tida etter det all-palestinske styret vart oppløyst og fram til 1967, vart Gazastripa direkte administrert av ein egyptisk militærguvernør. Israel erobra Gazastripa frå Egypt i seksdagarskrigen i 1967. I høve Osloavtalen, som vart signert i 1993, vart Den palestinske sjølvstyresmakta forvaltingsorganet som styrte dei palestinske folkesentra, medan Israel hadde kontroll over luftrom, territorialfarvatn og grenseovergangar, utanom landgrensa mot Egypt. I 2005 trekte Israel seg ut frå Gazastripa. Sidan 2007 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas, ein palestinsk fraksjon som hevdar å vere rettmessige representantar for Dei palestinske sjølvstyresmaktene og det palestinske folket. I 2012 anerkjente Dei sameinte nasjonane Gazastripa som ein del av Staten Palestina. Eit felles styre vart eidfesta den 2. juni 2014. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 14
Skisse av hepatitt B-viruset

Hepatitt B er ein infeksjonssjukdom som vert framkalla av hepatitt B-virus (HBV). HBV gjev leverinfeksjon med gul hud og gule bindehinner i auga (gulsott) som typiske symptom. Av di infeksjonen framfor alt smittar gjennom serum- og blodkontakt, er sjukdomen òg omtala som «serumhepatitt» eller «inokulasjonshepatitt».

HBV smittar fyrst og fremst gjennom blod og serum, til dømes parenteralt ved blodtransfusjonar og intravenøst misbruk. Blod er smitteførande mange veker før pasienten får kliniske symptom. Då det på 1920-talet vart mogeleg å behandla diabetes med insulininjeksjonar, kunne gulsott observerast hjå påfallande mange sukkersjukepasientar. Dette, saman med andre observasjonar som «vaksinasjonsuhell», der 62 % av amerikanske soldatar som vart vaksinerte mot gulfeber under andre verdskrigen fekk hepatitt, gjorde at det omsider stod klart at det fanst minst 2 ulike former for viral hepatitt. I tillegg til ei epidemisk form med stutt inkubasjonstid og smitte fyrst og fremst gjennom inntak av vatn og livsmiddel (peroralt), laut det dessutan finnast ei hepatittform med lengre inkubasjonstid og smitte framfor alt gjennom blodkontakt (parenteralt). Den fyrste av desse to hepatittformene vart kalla hepatitt A. Den andre forma (serumhepatitt) vart omnemnd som hepatitt B. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 15
Irsk infanteri under første verdskrigen.

Infanteri er ei våpenart som består av soldatar som hovudsakleg kjempar til fots. Opphavleg var infanteriet ei av to forskjellige våpenarter; den andre var kavaleriet. Etter kvart som det har kome fleire og fleire nye våpenarter har det relativt sett vorte færre infanteristar, men i dag er infanteriet framleis den viktigaste våpenarten. Dei fleste væpna styrkar i historia har vorte bygd rundt ei kjerne av infanteri. Desse soldatane har brukt sine eigne føter for transport til slagfeltet og for taktiske rørsler.

Infanteri har historisk vore delt opp i lett infanteri og tungt infanteri. I dag vert infanteriet gjerne delt opp etter korleis dei forflyttar seg: Luftmobilt infanteri, motorisert infanteri, marineinfanteri og anna. Tidlegare slost infanteriet med hand- og prosjektilvåpen, til dømes spyd og boge. I dag er dei sett opp med automatgevær og maskingevær i tillegg til ei rekkje spesialvåpen for å kjempe mot trugslar frå til dømes stridsvogner og fly. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 16
Jimi Hendrix

Jimi Hendrix (1942-1970) var ein amerikansk gitarist, vokalist og låtskrivar. Han vert ofte rekna som den største elektriske gitaristen i rockemusikkhistoria av andre musikarar og kommentatorar i bransjen, og som ein av dei viktigaste og mest innflytnadsrike musikarane i si tid, på tvers av ei rekkje sjangrar. Etter fyrst å ha slått gjennom i Europa, vart han kjend i USA i 1967, etter å ha opptredd på Monterey Pop Festival. Seinare stod han i spissen under den ikoniske Woodstockfestivalen i 1969 og Isle of Wight-festivalen i 1970.

Hendrix brukte ofte rå og forvridd forsterking, der både gitarforsterkinga og diskanten var høg, og han bidrog til utviklinga av den tidlegare uønskte akustiske tilbakekoplinga frå gitaren. Han var ein av musikarane som populariserte bruken av wah-wah-pedalen i vanleg rock, og han brukte han ofte for å gje soloane sine ei overdriven tonehøgd, spesielt med høge sløyfer og bruk av legato rundt ein pentatonisk skala. Som plateprodusent gjorde Hendrix også banebrytande arbeid ved å bruke platestudioet som eit tillegg til dei musikalske ideane sine. Han var ein av dei fyrste som eksperimenterte med effektar for stereofoni og faseforskyving (phasing) i rockeopptak. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 17
Kate Bush i 1986

Kate Bush (fødd 1958) er ein engelsk songar-låtskrivar, musikar, dansar og plateprodusent. Sidan debuten i 1978 har ho vore kjend for ein eklektisk musikkstil som blandar rock, folkemusikk og klassisk musikk, ein særeigen, falsettprega vokal og ein eigen visuell stil prega av mimikk og moderne dans.

Bush blei den første kvinnelege artisten til å nå toppen av den britiske singellista med ein sjølvskriven song då debutsingelen hennar «Wuthering Heights» låg på førsteplassen i fire veker. Ho har sidan gjeve ut tjuefem singlar som nådde den britiske topp 40-lista, mellom dei topp ti-hittane «The Man with the Child in His Eyes», «Babooshka», «Running Up That Hill», «Don't Give Up» (med Peter Gabriel) og «King of the Mountain». Ho har gjeve ut ti studioalbum som alle nådde topp 10-lista i Storbritannia. Med albumet Never for Ever frå 1980 blei Bush den første britiske kvinnelege artisten som toppa den britiske albumlista og den første kvinnelege artisten som gjekk rett inn på førsteplassen. Ho er òg den første (og einaste) kvinnelege artisten som har hatt Topp 5-album på den britiske albumlista i fem tiår på rad.

I 1987 vann Bush BRIT-prisen for beste britiske kvinnelege artist, og i 2002 fekk ho Ivor Novello-prisen for bidrag til britisk musikk. I løpet av karrieren sin har ho vore nominert til tre Grammy-prisar. I 2014 blei ho gjeven den kongelege ordenen Commander of the Order of the British Empire (CBE). I oktober 2017 var ho ein av ei nominerte til å takast med i Rock and Roll Hall of Fame i 2018. Les meir …
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 18

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 19

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 20

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 20, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 21

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 22

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 23

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 23, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 24

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 25

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 25, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 26

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 27

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 28

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 29

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 30

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 31

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 32

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 33

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 34

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 35

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 36

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 37

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 38

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 39

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 40

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 41

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 42

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 43

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 44

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 45

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 46

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 47

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 48

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 49

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 50

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 51

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk


Uke 52

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2018
Vis - Se nynorsk - historikk