Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2023
Utseende
![Sáhkku-spelsett på Varanger Samiske Museum.](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8e/S%C3%A1hkku_pieces_and_board%2C_Unj%C3%A1rga_Nesseby_2018.jpg/120px-S%C3%A1hkku_pieces_and_board%2C_Unj%C3%A1rga_Nesseby_2018.jpg)
Sáhkku er eit samisk brettspel. Det er eit eliminasjonsspel, der spelarane flyttar brikkene langs eit spor med mål om å eliminera brikkene til motspelaren. Spelet har tradisjonelt vore utbreidd mellom nordsamar, skoltesamar, Inari-samar og lule-samar, men det kan òg ha vore spela i andre delar av Sápmi.
Sáhkku vart motarbeidd av kristne prestar og læstadianske misjonærar, som meinte at spelet var ei leivning av den før-kristne samiske religionen. Grunna fornorskingspolitikken fall sáhkku ut av bruk på 1950-talet, men sidan den gong har spelet fått ein oppsving, og nye spelsett har kome i bruk. Dei seinaste åra har ein også sett i gang eigne sáhkku-tevlingar i både Noreg og Sápmi. Les meir …