Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2019

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Måleri av Kabir som vevar
Måleri av Kabir som vevar

Kabir (fødd ca. 1440 i Varanasi, død ca.1518 i Maghar) var ein religiøs diktar og mystikar som blir dyrka som ein helgen mellom hinduar, sikhar og muslimar. Han er opphavsmann til den hinduiske sekta Kabir-panthis («Kabir-vegen»), som reknar Kabir som sin viktigaste guru. Jamvel om han vart fødd inn i ein muslimsk familie var han sterkt påverka av hinduismen. i dikta sine går han til åtak på utvendig pomp og prakt i både hinduisme og islam, og gjev uttrykk for at berre kjærleik til Gud kan føre til eit ekstatisk samband med det guddomlege.

Av yrke var Kabir ein muslimsk vevar (julaha) som budde i den heilage byen Banaras (som i vår tid heiter Varanasi), og høyrde såleis til på den lægre enden av det indiske kastesystemet. Då som no var Banaras eit sentrum for lærdom og handel, attåt å vere eit myldrande pilegrimsmål. Det gjorde at dikta hans kunne spreie seg snøgt over store delar av Nord-India. Heimbyen og yrket hans er elles også dei einaste sikre biografiske opplysningane vi har om Kabir. Ifølgje Bhaktamal (norsk «laurbærkrans av helgenar»), ei samling stutte, biografiske dikt komponert rundt år 1600, avviste Kabir dei bramin-dikterte formuleringane som ligg til grunn for kastesystemet, og forkasta dei seks skolane i ortodoks hinduisk filosofi. Les meir …