Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 1, 2019
Utseende
![:nn:(Sittin' on) the Dock of the Bay](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fd/Sitting_on_the_Dock_of_the_Bay.jpg/120px-Sitting_on_the_Dock_of_the_Bay.jpg)
«(Sittin' On) The Dock of the Bay» er ein song skriven av soulsongaren Otis Redding og gitaristen Steve Cropper. Han vart spelt inn to gonger av Redding i 1967, den andre gongen berre dagar før han omkom i ein flystyrt. Songen vart gjeven ut på Volt-etiketten til Stax Records i 1968, og vart den første posthume singelen som toppa listene i USA. Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.
Redding skreiv på teksten til songen i august 1967, då han sat på ein husbåt i Sausalito i California. Han fullførte songen i lag med Cropper, som var produsent for Stax og gitarist for Booker T. & the M.G.'s. Songen inneheld plystring og lyden av bølgjer som bryt på kysten. Les meir …