Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2019
![:nn:Z-transformasjon](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e5/Region_of_convergence_0.5_causal.svg/120px-Region_of_convergence_0.5_causal.svg.png)
Z-transformasjon er ei lineæravbilding som konverterer tidsdiskrete signal (ein sekvens av reelle eller komplekse tal) over til ein frekvensdomenerepresentasjon på kompleks form gjeven i eit domene kalla Z-domenet. Z-transformasjonen opnar opp for å gjere analyse av ei større mengde av signal enn det fouriertransformasjonen er i stand til ettersom fourierdomenet er ei delmengde av Z-domenet.
Innanføre signalhandsaming gjev Z-transformasjonen òg eit matematisk grunnlag for analyse og design av digitale filter. Transferfunksjonen og difor òg frekvensresponsen til tidsdiskrete system/filter kan uttrykkjast på fleire måtar ved hjelp av Z-transformasjonen, som rasjonale transferfunksjonar, på pol-nullpunktform, tilstandsromform, etc. Les meir …