Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2019

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Lu Yuo
Lu Yuo

Lu Yuo (fødd 1125 i Shaoxing, død 1210 i Shaoxing) var ein kinesisk diktar og embetsmann. Han blir rekna som ein av dei viktigaste og mest produktive diktarane i det sørlege Song-dynastiet (1127–1279) med ein forfattarskap på nesten 10 000 dikt og fleire prosastykke. Som poet vann Lu Yuo ry for den enkle og direkte stilen med sans for detaljar som pregar dikta hans. Med eit slikt uttrykk skil dikta seg frå den dominerande Chiang si-skulen i samtida, som stod for ein poesi som var opphøgd og alluderande.

Lu Yuo vart fødd om lag samstundes med jursjenar-invasjonen av det nordlege Song, og for ettertida er det dei patriotiske dikta han er mest høgvyrda for. Den sterke nasjonalkjensla og revansjismen han stod for førte samstundes til at han ikkje greidde å gjere karriere i det kinesiske embetsverket. Etter å ha blitt avsett fleire gongar trekte han seg til slutt vonbroten og desillusjonert attende til heimbygda. Les meir …