Hopp til innhold

Bading

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Bading i Tsurunoyu onsen i Japan.

Bading er det å senke kroppen ned i vann for å vaske seg, oppleve velvære eller for lek, idrett eller underholdning. Bading kan ha hygieniske, rituelle eller terapeutiske formål. Analogier for bading kan være omgrep som å «ta solbad» for å sole seg, eller omgrep som «å bade i» noe for å vise til at en har overflod eller for mye av det.

En kan bade på ulike steder der det finnes en viss mengde vann, fra varmt til kaldt. Dette kan for eksempel være i et badekar eller i en elv, et vann, et basseng eller i havet. Formålet med badingen kan variere. Det kan for eksempel være et rituale, som rituell rensning eller dåp. En kan også bruke bading terapeutisk, som hydroterapi, eller for vanlige vaske- og fritidsaktiviteteter, som lek og svømming.

Historie[rediger | rediger kilde]

Antikken[rediger | rediger kilde]

Ei kvinne gjer seg klar til å bada. Måleri etter ein attisk kopp frå 400-talet f.Kr.

Det eldste dokumenterte daglige baderitualet kan spores til det gamle India. Der fantes det en utførlig praksis for personlig hygiene med tre daglige bad og vasking. Denne er nedtegnet i verker kalt grihya sutra, og blir fremdeles praktisert i noen samfunn.

I Hellas i antikken brukte en små badekar, vaskeservanter og fotbad for personlig renhet. De eldste funn av bad er fra midten av 2000-tallet f.Kr. i palasskomplekset ved Knossos på Kreta, og luksuriøse badekar av alabast gravet ut ved AkrotiriSantoríni. Et ord for badekar, asaminthos (ἀσάμινθος), opptrer elleve ganger i Homer. Senere grekere grunnla offentlige bad og dusjet i gymnasium for avspenning og personlig hygiene.

I Romerriket ble det utviklet et nettverk av akvedukter for å føre vann til alle store byer og befolkningssentre. En hadde innlagt vann, med rør som gikk til bosteder og offentlige brønner og fontener. De romerske offentlige badene ble kalt thermae. Disse var ikke bare bad, men viktige offentlige tilbud der en kunne drive mange typer fysisk trening og vasking, med kalde, lunkne og varme bad, rom for instruksjon og debatt, og vanligvis et gresk og et latinsk bibliotek. De ble gikk til allmuen av en velgjører, vanligvis keiseren. Andre rike på denne tiden hadde ikke samme grad av offentlige tilbud, men denne romerske praksisen spredte kulturen deres til steder der det kan ha vært mer motstand mot fremmende skikker. Til forskjell for vanlig skikk på denne tiden var ikke thermaene inndelt etter klasse, og var tilgjengelige for alle uten betaling eller for en liten avgift. Da Romerriket falt stod akveduktsystemet for forfall og kom ut av bruk. Allerede før dette, under kristningen av imperiet, hadde endrede ideer om offentlig moral gjort at badene kom i unåde.

Japan[rediger | rediger kilde]

Sento-bad med kvinner som bader i eit trekar. Tresnitt av Torii Kiyomitsu frå seint 1700-tal.[1]

Før 700-tallet hadde japanere trolig badet i de mange kildene som finnes i landet utendørs, ettersom det ikke finnes bevis på innebygde bad. Fra 500- til 700-tallet (Asuka- og Naratida) tok japanerne til seg buddhismen fra Kina, som hadde sterk innvirkning på kulturen i hele landet. Buddhistiske templer omfattet tradisjonelt et badehus (yuya) for munkene. På grunn av prinsippet om renhet forfektet av buddhismen ble disse badene etterhvert åpnet for allmuen. Bare de velstående hadde private bad.

Det første offentlige badehuset er nevnt i 1266. I Edo (dagens Tokyo) ble det første sentōet skipet i 1591. Tidlige dampbad ble kalt iwaburo (岩風呂) eller kamaburo (釜風呂). De ble bygget i naturlige holer eller steinkvelvar. I iwaburo ved kysten varmet en opp stener ved å brenne ved, og helte deretter sjøvann over dem for å skape damp. Inngangane til disse «badehusene» var svært små, kanskje for å stoppe varme og damp fra å forsvinne ut. Der var ingen vinduer, så det var svært mørkt innvendig og brukerne kunne hoste eller kremte for å vise nykommere at stedet de satt allerede var i bruk. Mørket kunne også brukes til å skjule seksuelt samkvem. Kjønn var ikke skilt fra hverandre. Etterhvert fikk disse badene dårlig rykte, og de ble avskaffet i 1870 av hygieniske og moralske grunner. Forfatteren John Gallagher skrev at bading «was segregated in the 1870s as a concession to outraged Western tourists».[2]

Ved byrjinga av edotida (1603–1868) fanst det to typar bad. I Edo var varme bad ('湯屋 yuya) vanlege, medan ein i Osaka gjerne hadde dampbad (蒸風呂 mushiburo). På denne tida blei baderomma vanlegvis delte av kvinner og menn. Badehusa var svært populære, særleg blant men. «Badejenter» (湯女 yuna) var tilsette for å skrubba ryggane til gjester, vaska håret deira og liknande. I 1841 blei det lagt ned forbod mot kjønnsblanda bading og tilsetjing av yuna. Dei som dreiv badehusa ignorerte likevel gjerne ofte påbodet om å skilja kjønna, eller brukte berre ei symbolsk line mellom dei. I dag har sento-bad separate rom for menn og kvinner.[3]

Meso-Amerika[rediger | rediger kilde]

Codex Magliabechiano frå Loubat-samlinga.

Spanske krøniker omtalar badevanane til folka i Mesoamerika under og etter den europeiske koloniseringa. Bernal Díaz del Castillo skildrar Moctezuma (aztekarkongen då Cortés kom til staden) i Historia verdadera de la conquista de la Nueva España som svært reinsleg, med eit bad kvar ettermiddag. Bading var ikkje noko berre eliten dreiv med, men blei utført av alle samfunnslag. Tomás López Medel skreiv etter ei reise til Mellom-Amerika at bading og vasking var like vanleg blant dei innfødde, 'både i kalde og varme land, som å eta, og dette blir gjort i fontener og elver og anna vatn som dei har tilgang til.'[4]

Det mesoamerikanske badet, kjent som temazcalspansk, frå nahuatl-ordet temazcalli, sett saman av temaz ('damp') og calli ('hus'), består av eit rom, ofte med form som ein liten kuppel, med ein eldstad på utsida kjend som texictle (teʃict͜ɬe) som varmar ein liten del av veggen til rommet laga av vulkansk stein. Etter at denne veggen er blitt varma opp heller ein vatn på han for å laga damp, ei handling kalla tlasas. Etterkvart som dampen samlar seg i den øvre delen av rommet bruker ein person som har ansvar for det ei grein til å vifta dampen mot badarane, som ligg på bakken, og bruker henne seinare til å massera dei. Deretter skrubbar badarane seg sjølve med ein liten flat elvestein, og til slutt hentar ansvarspersonen bøtter med såpevatn og gras til å skylla seg med. Dette badet har også rituell tyding, og var knytt til gudinna Toci. Ein kan også gjera det terapeutisk ved å bruka lækjeurter i vatnet ein lagar damp av. Badeforma er framleis i bruk i Mexico.[4]

Europa i mellomalder og tidleg moderne tid[rediger | rediger kilde]

Eit sveittebad. Illuminasjon frå Peter av Eboli si De Balneis Puteolanis ('Bada i Pozzuoli'), frå tidleg 1200-tal.

Kristendommen har alltid lagt vekt på hygiene.[5] Sjølv om det tidlege kristne presteskapet fordømde bading av ulike kjønn saman i romerske bad, eller at kvinner bada nakne for auga på menn, oppfordra likevel kyrkja medlemmane sine til å gå til offentlege bad for å bada.[6] Ifølgje kyrkjefedrane Klemens av Alexandria og Tertullian bidrog dette til hygiene og god helse. Kyrkja bygde også offentlege badeanlegg som var separate for begge kjønn nær kloster og pilgrimsstader, medan pavane bygde bad i basilikaene og klostera til kyrkja sidan tidleg mellomalder.[7] Pave Gregor den store oppfordra tilhengjarane til å sjå verdien av bading som eit kroppsleg behov.[8]

Det blei bygd store badehus i austromerske senter som Konstantinopel og Antiokia,[9] og pavane tilbaud bading til romarane gjennom diaconia, eller private lateranske bad, og gjennom ulike klosterbad gjennom 700- og 800-talet.[10] Pavane heldteigne bad i bustadane sine som blei skildra av den lærde Paolo Squatriti som «luksusbad», og velgjerdsbad for geistlege og trengande i kristne kyrkjer og kloster.[11] Offentleg bading var vanleg i kristne større byar i mellomalderen, som Paris, Regensburg og Napoli.[12][13] Katolske religiøse ordenar som følgde reglane til augustinarordenen og benediktinarordenen omfatta rituell reingjering,[14] og inspirert av Benedikt av Nursia si oppmuntring av å bruka bading terapeutisk spelte benediktinske munkar ei rolle i utviklinga og fremja av spa, eller kurbad.[15]

I mellomalderen var det vanleg å bada i offentlege bad. Slike bad blei også nytta til prostitusjon, slik at det også var ein del motstand mot dei. Rikfolk bada heime, som regel i soveromma sine, ettersom det ikkje var vanleg med eigne baderom. Ein kunne bada i store trekar med eit linklede oppi som hindra badaren frå å få splintar.

I Norden blei særleg laurdagar, av norrønt laugardagr som betyr 'badedag', brukt til å ta seg eit bad og vaska seg grundig. Dette hadde samanheng med dei mellomalderske kyrkjelege renseskikkane.[16][17][18]

Moderne tid[rediger | rediger kilde]

Terapeutisk bading[rediger | rediger kilde]

Bading i Bath i England, skildra av Isaac Cruikshank i 1825.

Frå midten av 1700-talet byrja ein i vesten å tala for at hyppig bading kunne føra til betre helse, og ein forma idear om terapeutisk bading. Sir John Floyer, ein lege i Lichfield i England, som merka seg den lokale bruken av visse kjelder for lækjing, studerte historia kring kaldbad og gav ut ei bok om emnet i 1702.[19] Boka kom ut i seks utgåver i løpet av få år. Den tyske omsetjinga av boka blei nytta i stor grad av dr. J.S. Hahn frå Silesia, som gav ut ei bok om dei lækjande eigenskapane til kaldt vatn brukt både innvortes og utvortes i 1738.[20]

I 1797 gav dr. James Currie frå Liverpool ut ei bok om bruken av varmt og kaldt vatn til å behandla feber og ulike sjukdommar.[21] Også denne boka kom ut i fleire utgåver, og blei omsett til tysk av Michaelis (1801) og Hegewisch (1807). Ho var svært populær, og den fyrste til å gje emnet eit vitskapleg grunnlag. Samstundes hadde skriftene til Hahn skapt mykje entusiasme blant landsmennenen hans, og ein skipa lag som skulle fremja vatn til medisinsk bruk.

Frå rundt 1829 blei hydroterapi gjort meir populær av Vincenz Priessnitz, ein bonde i Gräfenberg i det dåverande Austerrikske riket.[22][23] Denne gjenopplivinga blei halden fram av den bayerske presten Sebastian Kneipp (1821–1897), som følgde og vidareutvikla kaldtvatnkuren til Priessnitz.[24] I Wörishofen sør i Tyskland utvikla Kneipp eit systematisk og kontrollert program for hydroterapi som støtte for medisinsk behandling som berre blei gjeven av legar i samtida. Kneipp si eiga bok, 'Min vasskur', blei gjeven ut i 1886 med fleire følgjande opplag og omsetjingaar til andre språk.

Kaptein R.T. Claridge innførte og talte for hydropati i Storbritannia, fyrst i London i 1842, deretter med førelesingsreiser i Irland og Skottland i 1843. Den ti veker lange turneen hans på Irland omfatta Limerick, Cork, Wexford, Dublin og Belfast,[25] i juni, juli og august 1843, med to påfølgjande førelesingar i Glasgow.[26]

Offentlege bad[rediger | rediger kilde]

Frå Liverpool wash house, den fyrste slike bygningen i England.

På 1800-talet byrja ein bygga store offentlege bad påverka av dei frå oldtida og Det osmanske riket i vesten. Dei fyrste moderne slike bada blei opna i Liverpool i 1829. Det fyrste kjende ferskvassbadehuset med varmt vatn opna i mai 1842.[11]:2–14[27]

Etter ei tid med kampanjar frå mange komitear blei loven Public Baths and Wash-houses Act innført 26. august 1846. Loven gjorde at lokale styresmakter hadde løyve til å ta på seg utgiftene med å byggja offentlege symjebad.[28]

Varme offentlege bad[rediger | rediger kilde]

Britiske Turkish baths bygde på tradisjonelle muslimske badehus som igjen bygde på romarbad. Dei blei innførte til Storbritannia av David Urquhart, ein diplomat og tidvis parlamentsmedlem for Stafford, som ønskte å gjera tyrkisk kultur meir populær av personlege og politiske grunnar. Han gav ut boka The Pillars of Hercules i 1850, som tok for seg reisene hans i 1848 gjennom Spania og Marokko. Han skildra systemet med tørre varmluftsbad ein brukte der og i Det osmanske riket som hadde endra seg lite sidan romersk tid. I 1856 las legen Richard Barter boka, og byrja eit samarbeid med Urquhart om å byggja eit slikt bad. Dei opna det fyrste moderne varmtvassbadet ved St Ann's Hydropathic Establishment nær Blarney i County Cork i Irland.[29]

Føremål[rediger | rediger kilde]

Rituell reingjering ved Tirta EmpulBali.

Eit føremål med å bada kan vera personleg hygiene, der ein vaskar vekk skit og daude hudceller frå huda og håret. Dette kan vera ein måte å hindra eller redusera spreiing av infeksjonssjukdommar på.

Bading kan òg skapa ei kjensle av velvære og ei oppfatning av reinleik.

Ein kan også bruka bading som del av religiøse ritual, som terapi[30] eller som fritidssyssel. Eit bad kan kjøla ned eller varma opp kroppen til den som bader.

Bruk av bad i religiøse ritual og seremoniar omfattar neddykking under dåp i kristendommen og for å oppnå rituell reinleik i ein mikvé i jødedommen. Fleire religionar krev vasking for å oppnå ein slik reinleik, og i hinduismen og sikhismen kan ein mellom anna dykka ned i elver eller basseng for å oppnå reinleik.

I kunst[rediger | rediger kilde]

Badescenar var populære motiv i biletkunst allereie i mellomalderen. Vanlegvis var motiva nakne kvinner som bada. Ein kunne bibelske eller mytologiske badescenar, som Batseba som badar og blir sett av kong David, og Susanna som blir sett av to gamle menn.

I høgmellomaldrene var bilde av offentleg bading, som kunne ha nokså klare avbildingar av sekusell tilnærming, populære. I renessansen og barokken laga ein allegoriske framsyningar av badande gudar og nymfer frå gresk mytologi. Tizian og François Boucher måla til dømes begge gudinna Diana som bada. Kunstnarar heldt fram med å avbilda bibelske figurar som bada, og kunne tidvis også avbilda samtidige kvinner, som Rembrandt i 'Badande kvinne'.

På 1800-talet fekk badescenen eit høgdepunkt innan klassisisme, realisme og impresjonisme. Orientalske tema som harem og hammam blei utbreidde. Desse scenane bygde på fantasi, ettersom utanforståande menn vanlegvis ikkje hadde tilgang til muslimske kvinner.[31] På andre halvdelen av hundreåret gjekk kunstnarar bort frå mytologi og eksotisisme, og måla samtidige, vestlege kvinner som bada. Edgar Degas laga til dømes over 100 måleri med badescenar. Badarar blei verande eit populært motiv blant avantgarde-kunstnarar på byrjinga av 1900-talet.

Galleri[rediger | rediger kilde]

Sjå òg[rediger | rediger kilde]

Kjelder[rediger | rediger kilde]

Mal:Fotnoteliste Mal:Refopning

Mal:Refslutt

Bakgrunnsstoff[rediger | rediger kilde]

(en) Bathing – kategori av bilder, video eller lyd på Commons Rediger på Wikidata

  1. ^ Frå Sketches of Japanese Manners and Customs, J. M. W. Silver. ISBN 978-1-4346-9833-9.
  2. ^ Gallagher, J. (2003). Geisha: A Unique World of Tradition, Elegance, and Art. London: PRC Pub. s. 87. ISBN 1856486974
  3. ^ Badehäuser, Schwitzbäder, Heisse Quellen. Katalog der Staatlichen Museen zu Berlin, Berlin 1997.
  4. ^ a b Hernández, J. C. (n.d.). www.izt.uam.mx. Henta 18. desember 2012, frå «Archived copy» (PDF). Arkivert fra originalen (PDF) 6. april 2013. Besøkt 18. desember 2012. 
  5. ^ Warsh, Cheryl Krasnick (2006). Children's Health Issues in Historical Perspective. Veronica Strong-Boag. Wilfrid Laurier Univ. Press. s. 315. ISBN 9780889209121. «... From Fleming's perspective, the transition to Christianity required a good dose of personal and public hygiene ...» 
  6. ^ Warsh, Cheryl Krasnick (2006). Children's Health Issues in Historical Perspective. Veronica Strong-Boag. Wilfrid Laurier Univ. Press. s. 315. ISBN 9780889209121. «... Thus bathing also was considered a part of good health practice. For example, Tertullian attended the baths and believed them hygienic. Clement of Alexandria, while condemning excesses, had given guidelines for Christians who wished to attend the baths ...» 
  7. ^ Thurlkill, Mary (2016). Sacred Scents in Early Christianity and Islam: Studies in Body and Religion. Rowman & Littlefield. s. 6–11. ISBN 978-0739174531. «... Clement of Alexandria (d. c. 215 CE) allowed that bathing contributed to good health and hygiene ... Christian skeptics could not easily dissuade the baths' practical popularity, however; popes continued to build baths situated within church basilicas and monasteries throughout the early medieval period ...» 
  8. ^ Squatriti, Paolo (2002). Water and Society in Early Medieval Italy, AD 400-1000, Parti 400-1000. Cambridge University Press. s. 54. ISBN 9780521522069. «... but baths were normally considered therapeutic until the days of Gregory the Great, who understood virtuous bathing to be bathing "on account of the needs of body" ...» 
  9. ^ Kazhdan, Alexander, red. (1991), Oxford Dictionary of Byzantium, Oxford University Press, ISBN 978-0-19-504652-6 
  10. ^ Squatriti, Paolo (2002). Water and Society in Early Medieval Italy, AD 400-1000, Parti 400-1000. Cambridge University Press. s. 54. ISBN 9780521522069. «... but baths were normally considered therapeutic until the days of Gregory the Great, who understood virtuous bathing to be bathing "on account of the needs of body" ...» 
  11. ^ a b Ashpitel, Arthur (1851), Observations on baths and wash-houses, JSTOR 60239734, OCLC 315673477 
  12. ^ Black, Winston (2019). The Middle Ages: Facts and Fictions. ABC-CLIO. s. 61. ISBN 9781440862328. «Public baths were common in the larger towns and cities of Europe by the twelfth century.» 
  13. ^ Kleinschmidt, Harald (2005). Perception and Action in Medieval Europe. Boydell & Brewer. s. 61. ISBN 9781843831464. «The evidence of early medieval laws that enforced punishments for the destruction of bathing houses suggests that such buildings were not rare. That they ... took a bath every week. At places in southern Europe, Roman baths remained in use or were even restored ... The Paris city scribe Nicolas Boileau noted the existence of twenty-six public baths in Paris in 1272» 
  14. ^ Hembry, Phyllis (1990). The English Spa, 1560-1815: A Social History. Fairleigh Dickinson Univ Press. ISBN 9780838633915. 
  15. ^ Bradley, Ian (2012). Water: A Spiritual History. Bloomsbury Publishing. ISBN 9781441167675. 
  16. ^ Mal:Nynorskordboka
  17. ^ «lørdag». Store norske leksikon. 1. juli 2020. Besøkt 11. januar 2023. 
  18. ^ «Lördag: Etymologi». Svenska Akademiens ordbok. Besøkt 11. januar 2023. 
  19. ^ John Floyer & Edward Batnard (1715). Psychrolousia. Or, the History of Cold Bathing: Both Ancient and Modern. In Two Parts. The First, written by Sir John Floyer, of Litchfield. The Second, treating the genuine life of Hot and Cold Baths..(exceedingly long subtitles) by Dr. Edward Batnard. London: William Innys. Fourth Edition, with Appendix. Besøkt 22. oktober 2009.  Full text at Internet Archive (archive.org)
  20. ^ Hahn, J.S. (1738). On the Power and Effect of Cold Water. Cited in Richard Metcalfe (1898), pp.5–6. Per Encyclopædia Britannica, this was also titled On the Healing Virtues of Cold Water, Inwardly and Outwardly applied, as proved by Experience
  21. ^ Currie, James (1805). «Medical Reports, on the Effects of Water, Cold and Warm, as a remedy in Fever and Other Diseases, Whether applied to the Surface of the Body or used Internally». Including an Inquiry into the Circumstances that render Cold Drink, or the Cold Bath, Dangerous in Health, to which are added; Observations on the Nature of Fever; and on the effects of Opium, Alcohol, and Inanition. 1 (4th, Corrected and Enlarged utg.). London: T. Cadell and W. Davies. Besøkt 2 December 2009.  Sjekk datoverdier i |besøksdato= (hjelp) Full text at Internet Archive (archive.org)
  22. ^ Claridge, Capt. R.T. (1843). Hydropathy; or The Cold Water Cure, as practiced by Vincent Priessnitz, at Graefenberg, Silesia, Austria. (8th utg.). London: James Madden and Co. Besøkt 29. oktober 2009.  Full text at Internet Archive (archive.org). Note: The "Advertisement", pp.v-xi, appears from the 5th ed onwards, so references to time pertain to time as at 5th edition.
  23. ^ Bradley, James (2003). Cold cure: Hydrotherapy had exotic origins, but became a firm favourite of the Victorian elite. Wellcome Trust: News and Features. Arkivert fra originalen 11. oktober 2010. Besøkt 17. november 2009. 
  24. ^ Kneipp, Sebastian (1891). My Water Cure, As Tested Through More than Thirty Years, and Described for the Healing of Diseases and the Preservation of Health. Edinburgh & London: William Blackwood & Sons. Besøkt 3. desember 2009.  omsett frå den 30. tyske utgåva. Full tekst ved Internet Archive (archive.org).
  25. ^ Beirne, Peter. The Ennis Turkish Baths 1869–1878. County Cork Library. s. see note 11. Besøkt 30. oktober 2009.  Originally published in The Other Clare vol. 32 (2008) s. 12-17
  26. ^ Anon. (1843). Hydropathy, or the Cold Water Cure. The Substance of Two Lectures, delivered by Captain Claridge, F.S.A., at the Queens Concert Rooms, Glasgow. Besøkt 12. juni 2010. 
  27. ^ Metcalfe, Richard (1877), Sanitas Sanitatum et Omnia Sanitas, 1, Co-operative printing company, s. 3, https://archive.org/stream/sanitassanitatu00metcgoog#page/n24/mode/2up 
  28. ^ «Baths and Wash-Houses». The Times. 22. juli 1846. s. 6. «Yesterday the bill, as amended by the committee, for promoting the voluntary establishment in boroughs and parishes in England and Wales of public baths and wash-houses was printed.» 
  29. ^ Shifrin, Malcolm (3. oktober 2008), «St Ann's Hydropathic Establishment, Blarney, Co. Cork», Victorian Turkish Baths: Their origin, development, and gradual decline, http://www.victorianturkishbath.org/6DIRECTORY/aapix/StAnne's_w.htm, besøkt 12. desember 2009 
  30. ^ Shove, Elizabeth (2004). Comfort, Cleanliness and Convenience The Social Organization of Normality (New Technologies/New Cultures). New York: Berg. ISBN 978-1-85973-630-2. 
  31. ^ Alev Lytle Croutier: Wasser. Elixier des Lebens. Heyne, München 1992, S. 187 ff. ISBN 3-453-05924-7