Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2018

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddvar Torsheim

Oddvar Torsheim (fødd 1938 i Bergen) er ein norsk biletkunstnar og musikar. Han er utdanna ved Grafisk skole i Charlottenborg i Danmark og Bergen Kunst og Håndverkskole. Han voks opp på Rovde på Sunnmøre og i Naustdal i Sunnfjord, men er i dag busett i nabokommunen Førde.

I oljemåleria, akvarellane, teikningane og grafikken sin latterleggjer han fordomar og vanetenking med surrealistisk fantasi og samfunnskritisk tendens. Han har òg gjeve ut fleire diktsamlingar med eigne illustrasjonar, mellom andre Syner i syttiåra (1980) og Svarte kvitingar i 80-åra (1999) og musikk-CD-ane Nynorskens skog (1992) og Tur-Retur Blues (2000). Han er representert på Museet for samtidskunst i Oslo.

Torsheim er framleis aktiv både som kunstnar og musikar. I Sunnfjord er han sett på som ein slags kultfigur; han er kledd veldig karakteristisk med dei svarte kleda sine og det raude skjerfet. I 2003 vart det avduka ein statue av han i Førde. Endå ein statue av Oddvar Torsheim vart avduka i Hyen 1998, og som i dag står i Gloppen Skulpturpark Byrkjelo. Det står òg ein skulptur av Torsheim i Askvoll sentrum, avduka i 2013. Alle statuane er laga av kunstnaren Stig Eikaas. Les meir …