Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 14, 2018

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Skisse av hepatitt B-viruset
Skisse av hepatitt B-viruset

Hepatitt B er ein infeksjonssjukdom som vert framkalla av hepatitt B-virus (HBV). HBV gjev leverinfeksjon med gul hud og gule bindehinner i auga (gulsott) som typiske symptom. Av di infeksjonen framfor alt smittar gjennom serum- og blodkontakt, er sjukdomen òg omtala som «serumhepatitt» eller «inokulasjonshepatitt».

HBV smittar fyrst og fremst gjennom blod og serum, til dømes parenteralt ved blodtransfusjonar og intravenøst misbruk. Blod er smitteførande mange veker før pasienten får kliniske symptom. Då det på 1920-talet vart mogeleg å behandla diabetes med insulininjeksjonar, kunne gulsott observerast hjå påfallande mange sukkersjukepasientar. Dette, saman med andre observasjonar som «vaksinasjonsuhell», der 62 % av amerikanske soldatar som vart vaksinerte mot gulfeber under andre verdskrigen fekk hepatitt, gjorde at det omsider stod klart at det fanst minst 2 ulike former for viral hepatitt. I tillegg til ei epidemisk form med stutt inkubasjonstid og smitte fyrst og fremst gjennom inntak av vatn og livsmiddel (peroralt), laut det dessutan finnast ei hepatittform med lengre inkubasjonstid og smitte framfor alt gjennom blodkontakt (parenteralt). Den fyrste av desse to hepatittformene vart kalla hepatitt A. Den andre forma (serumhepatitt) vart omnemnd som hepatitt B. Les meir …