Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2018

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Satellittbilde av Irak
Satellittbilde av Irak

Irakisk geografi er variert og fell inn i fire hovudregionar: ørkenen (vest for Eufrat), Øvre Mesopotamia (mellom øvre Tigris og Eufrat), dei nordlege høglanda i Irakisk Kurdistan og Nedre Mesopotamia, elvesletta som strekkjer eg frå kring Tikrit til Persiabukta.

Fjella i nordaust er eit forlenging av fjellområda som går austover frå Balkan gjennom sørlege Tyrkia, nordlege Irak og vidare inn i Iran og Afghanistan, og endar i Himalaya. Ørkenen ligg i dei sørvestlege og sentrale provinsane langs grensene til Saudi-Arabia og Jordan og høyrer geografisk til Den arabiske halvøya.

Irak har ein viktig plass i geografihistoria: Ei leirtavle som generelt vert rekna som «det tidlegast kjende kartet» vart graven fram i 1930 under utgravinga av Ga-Sur i Nuzi Yorghan Tepe, nær byane Harran og Kirkuk, 300 km nord for Babylon. Les meir …