Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2018

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Rush i 2004
Rush i 2004

Rush er eit kanadisk rockeband danna i august 1968, i Willowdale i Toronto i Ontario. Bandet består av bassist, klaverspelar og vokalist Geddy Lee, gitarist og korvokalist Alex Lifeson og trommeslagar, perkusjonist og tekstforfattar Neil Peart. Sidan debutalbumet til bandet i mars 1974 har Rush vore kjend som særs dugande musikarar, komplekse komposisjonar og eklektiske tekstar med tema som ofte er baserte på science fiction, fantasy og filosofi. Musikkstilen til Rush har endra seg gjennom åra og byrja med bluesinspirert heavy metal på dei første albuma, så hardrock, progressiv rock, og ein periode med kraftig bruk av synthesizerar.

Rush har vunne mange Juno-prisar og vart innlemma i Canadian Music Hall of Fame i 1994. Som gruppe har Rush fått 24 gullplater og 14 platinaplater i USA. Av rockeband er det berre The Beatles og The Rolling Stones som har fått fleire gull- eller platinaplater på rad. Rush gav ut det siste studioalbumet sitt i 2012. Dei hadde sin siste turné i 2015. I 2018 gav Lifeson intervju der han sa at gruppa hadde gjeve seg. Les meir …