Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 3, 2017

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Terra Nova-ekspedisjonen på Sørpolen, 18. januar 1912
Terra Nova-ekspedisjonen på Sørpolen, 18. januar 1912

Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913) var ein britisk polekspedisjon leia av Robert Falcon Scott. Ifølge han var hovudmålet å ta seg til Sørpolen for å sikre at det britiske imperiet fekk æra for prestasjonen. Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen 17. januar 1912, men oppdaga at ein ekspedisjon leia av Roald Amundsen hadde vore der trettitre dagar tidlegare. På ferda tilbake til Cape Evans-basen omkom Scott og laget hans. Dagbøkene deira vart funne under eit søk etter sørpolgruppa åtte månader seinare, og dermed vart deltakarane si historie kjent.

På denne tida var Scott den mest erfarne leiaren av polarekspedisjonar i Storbritannia, og hadde leia Discovery-ekspedisjonen til Antarktis i 1901–04. Terra Nova-ekspedisjonen, oppkalla etter forsyningsskipet til ekspedisjonen, var eit privat initiativ finansiert med innsamla midlar og eit mindre statleg tilskot. Vidare hadde han støtte frå den britiske marinen som bidrog med erfarne sjøfolk, og frå Royal Geographical Society. I tillegg til målsetjinga om å nå Sørpolen, gjennomførte Scott òg eit omfattande vitskapeleg program, og utforska Victoria Land og Dei transantarktiske fjella. Eit forsøk på å ta seg i land for å utforske King Edward VII Land mislukkast derimot. Ei gruppe reiste òg til Cape Crozier i juni og juli 1911 midt under den strenge antarktiske vinteren. Les meir …