Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 12, 2017
Sana (òg skrive Sanaa eller Sana'a) er den største byen i Jemen. Etter den jemenittiske grunnlova er Sana hovudstaden i landet, men setet til den internasjonalt anerkjente regjeringa flytta til Aden etter statskuppet i Jemen i 2014.
Sana er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Han ligg i ei høgd på 2300 meter over havet og er òg ein av dei høgastliggande hovudstadane i verda. Sana har opp under 2 millionar innbyggjarar og er den største byen i Jemen. Gamlebyen i Sana er innskriven på verdsarvlista til UNESCO og har ein unik arkitektur, mellom anna fleire etasjar høge bygg dekorerte med geometriske mønster. I konflikten som rasa i 2015 vart verdsarvstaden råka av fleire bomber. Den store moskeen i Sana ligg i gamlebyen og er den største i byen. Les meir …