Valestrand Hjellvik Fotballklubb

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til: navigasjon, søk
Valestrand Hjellvik
Valestrand Hjellvik Fotballklubb
Stiftet13. desember 1992
LederOve Håland
KallenavnVHFK
HjemmebaneFurubakken Idrettsplass
Hjellvik Idrettsplass
Kapasitet1 000
Liga3. divisjon, avdeling 7
Annet2010: Opprykk til 3. divisjon
Kit left arm.png Kit body blackstripes.png Kit right arm.png
Kit shorts.svg
Kit socks.svg
Hjemmedrakt
Kit left arm.png Kit body.png Kit right arm.png
Kit shorts.svg
Kit socks.svg
Bortedrakt

Valestrand Hjellvik Fotballklubb (stiftet 13. desember 1992) er en fotballklubb fra Valestrandsfossen, det mest folkerike tettstedet på Osterøy. Klubbens A-lag spiller i dag i 4.divisjon og spiller sine kamper på Furubakken Idrettsplass på Valestrandsfossen. Noen kamper på aldersbestemte nivå spilles på Hjellvik Idrettsplass.

Historikk[rediger | rediger kilde]

Klubben ble stiftet 13. desember 1992, som resultat av sammenslåingen av fotballgruppen i Valestrand Idrettsforening (stiftet 1978) og Hjellvik Idrettslag (stiftet 1959 som Hjellvikvåg Idrettslag).

A-laget spilte etter sammenslåingen i 6. divisjon, og var i flere sesonger nære ved opprykk til 5. divisjon, før de lyktes i 1997-sesongen. Etter to sesonger i 5. divisjon, rykket laget opp til 4. divisjon etter 1999-sesongen. Klubbens rykket videre opp etter 2010-sesongen, og spiller i 2011 i 3. divisjon.

Ein ny fotballklubb såg dagens lys for første gong den 13. desember 1992, etter eit skipingsmøte i gymsalen på Valestrand. Valestrand Idrettsforening (stiftet 1978) og Hjellvik Idrettslag (stiftet 1959 som Hjellvikvåg Idrettslag) si fotballgruppe vart til Valestrand Hjellvik Fotballklubb.

Det er mykje som skal einast om når to klubbar slår seg saman. Nytt klubbnamn, ny drakt og ny logo er kanskje mellom dei viktigaste tinga, og det var fleire forslag på tavla då den nye klubben skulle skipast på Valestrand denne desemberkvelden for 20 år sidan. I tillegg til Valestrand/Hjellvik, var også Valhall IF eitt av namneforslaga. Namnet skulle ha i seg delar av fleire bygdenamn; Val (Valestrand) ha (Hamre, Hauge) og Hjellvik sin dobbel-l. Ein annan tanke med dette forslaget var at klubbnamnet framleis kunne kortast ned til VIF. Valhall IF nådde ikkje opp mot Valestrand/Hjellvik FK i avstemninga, og klubben hadde fått nytt namn. Berre ein liten detalj vart endra. Agnar Hjellvik kom med forslag om å fjerna skråstreken mellom dei to namna. Han meinte det dermed var mindre sjanse for at Hjellvik-namnet vart korta ned slik det ofte vart med samansette klubbnamn. Forslaget vart vedtatt, og namnet var i boks.

Logo vart bestemt med fargar frå dei to gamle klubbane, og dei nye draktfargane vart kvitt og svart.

1993:

Trenar: Bjørnar Stald. Valestrand Hjellvik sin første sesong i seriesystemet, og Hjellvikingen Bjørnar Stald var trenar for A-laget som overtok VIF sin plass i 6. divisjon. Han hadde med seg Asle Kallekleiv som hjelpetrenar, og Kjell Grinde var oppmann. Ved oppstart i februar mangla nokre av dei gode gamle spelarane frå 92-sesongen som hadde gått over til Osterøy. Laget fekk likevel ein god start på sesongen då dei i mars vann Osterøycupen. I serien gjekk det ikkje like bra, og klubben enda sin første sesong på 11. plass - noe som var under nedrykksstreken. Den ferske klubben redda likevel plassen i 6. divisjon fordi fleire lag vart flytta til Rogaland krets . Dermed kunne Valestrand Hjellvik FK pusta letta ut og ta fatt på oppturen. "Brynes mislykkede forsøk på å spille seg opp i eliteserien, samt det faktum at gråsonelagene Etne, Bjoa og Skånevik overføres til Rogaland Fotballkrets, medfører at en rekke Hordalandslag i de lavere divisjoner slipper nedrykk.” Sitat Bergens Tidende 27. oktober 1993

1994:

Trenar: Bjørnar Stald.

Bjørnar fekk fornya tillit som A-trenar trass i "nedrykket" året før, og leia laget med stø hand mot tabelltoppen i 6. divisjon. Valestrand Hjellvik enda til slutt på 2. plass, og skulle ut i kvalifisering. Finalen gjekk mot Søfteland, og VHFK måtte vinna for å rykka opp. Nokre minuttar før slutt utlikna Søfteland til 1-1, og opprykket gjekk i vasken for dei kvite og svarte.

1995:

Trenar: Redouane Drici.

Den gamle Brannkjempa Redouane Drici vart engasjert som spelande trenar for A-laget før 95-sesongen, og optimismen råda på Furubakken.

Etter nok ein solid sesong vart det 2. plass og kvalikspel også dette året. Denne gongen var det Bjorøy som til slutt snappa den ledige billetten til 5. divisjon, og VHFK måtte ta fatt på eit nytt år i sjette.

1996:

Trenar: Redouane Drici.

Dette var Dricien sin andre sesong som trenar for A-laget til Valestrand Hjellvik. Denne hausten enda laget til slutt på 3. plass, og fekk ikkje muligheit til kvalifisering. Trenarkjempa frå Algerie ved Afrikas Middelhavskyst takka for seg som trenar på Furubakken, og klubben måtte ut på trenarmarknaden før sin femte sesong.

1997:

Trenar: Bjørnar Stald.

Klubben sin første A-trenar, Bjørnar Stald, gjekk på ein ny sesong på trenarbenken. Nok ein gong kjempa laget i tabelltoppen, og nok ein gong enda det med 2. plass og kvalifiseringsspel. Etter først å ha slått Baune borte, skulle Valestrand Hjellvik møta Rosendal på Furubakken i siste avgjerande kamp. Laget mangla keeper til denne kampen, og gamletrenaren Drici vart plassert mellom stengene. Valestrand Hjellvik vann til slutt kampen 6-1, og endeleg lukkast det for laget frå Furubakken. Opprykket var eit faktum og jubelen var stor.

1998:

Trenar: Sjur Hopland. Hjelpetrenar: Gisle Andersen og Steffen Fotland. Oppmann: Kjell Grinde.

Klubben sin første sesong i 5. divisjon, og Sjur Hopland vart engasjert som trenar for Alaget. Laget enda på ein fin femteplass. Toppscorar vart Thierry Dje Dje Danon. Laget spelte også finale i Osterøy Cup, der det vart 3-3 mot Osterøy som til slutt vann på straffer.

1999:

Trenar: Sjur Hopland.

Valestrand Hjellvik sin andre sesong i 5. divisjon starta dårleg, med berre eitt poeng på dei to første kampane. Men laget kom fort på vinnarsporet, og ved halvspelt serie låg VHFK på 3. plass, eitt poeng bak Lindås, og tre bak serieleiar Laksevåg. Haustsesongen starta med tre strake sigrar, og vips så var VHFK på tabelltoppen. Sjølv om Laksevåg og Lindås aldri var langt bak, klarte Sjur Hopland sine gutar å halda dei på ei armlengders avstand. I nest siste serierunde vart alt avgjort då VHFK slo Laksevåg 2-0 borte, og opprykket til 4. divisjon var sikra. Valestrand Hjellvik vart også kretsmeistrar denne sesongen, etter siger over Vestsiden-Askøy.

2000:

Trenar: Sjur Hopland. Hjelpetrenar: Magnus Hisdal.

Debutsesongen i 4. divisjon vart ein kamp på nedre tabellhalvdel . Laget enda til slutt på 10. plass, og fornya 4. divisjonskontrakt. Toppscorarar vart Magnus Hisdal og Morten Hjelle med 5 nettkjenningar kvar. Klubben hadde også eit godt juniorlag denne sesongen, og frå det laget fekk både Rayner Nygaard, Pål Tufta og Robert Eikeland sin A-debut. VHFK fekk også ein cupsiger denne sesongen då Osterøy vart slått i finalen i Osterøy Cup.

2001:

Trenar: Sjur Hopland. Hjelpetrenar: Magnus Hisdal.

Det gjekk litt betre i Valestrand Hjellvik sin andre sesong i 4. divisjon. To plassar opp på tabellen, og ein grei 8. plass. Denne sesongen vart også den siste for trenaren som førte laget opp i 4.divisjon. Sjur Hopland takka av etter tre sesongar ved trenarroret på Furubakken, og Morten Hjelle overtok ansvaret i november.

2002:

Trenar: Ove Håland.

Valestrand Hjellvik sin første jubileumssesong som 10-åring. Dette er også eit viktig år i klubben si historie. Supporterklubben blir starta 22. mars, og gjev A-laget viktig drahjelp frå bunkersen på Furubakken. Sesongen fekk ein litt dramatisk start for VHFK då klubben alt i januar måtte finna erstattar for den nye trenaren Morten Hjelle. Det enda med at formann Ove Håland overtok trenaransvaret for Alaget, medan nestformann Arne Selstø tok over formannsstolen. Ove Håland fekk etter kvart med seg eit mannskap som nesten utelukkande bestod av lokale spelarar, noko som nok var med å skapa ekstra entusiasme rundt A-laget. I serien enda laget på 8. plass, akkurat som året før, men denne gongen var det høgare poengsum og kortare veg opp til tabelltoppen. Valestrand Hjellvik var dessutan det einaste laget som ikkje tapte mot serievinnar Loddefjord denne sesongen, og 3-2-sigeren heime på Furubakken var eit av sesongens store høgdepunkt. Toppscorar vart Thierry Dje Dje Danon med 14 mål, medan Tor Inge Brendøy enda på 8 og Pål Tufta 5 scoringar.

2003:

Trenar: Ove Håland. Hjelpetrenarar: Gisle Raknes og Henning Klovning Rød.

Denne sesongen vart også ein slags milepæl i klubben si historie, sidan VHFK for første gong var Osterøy sin beste klubb i seriesystemet. Laget fekk ein fantastisk start med 3-0 heime mot lokalrival Osterøy i serieopninga, og enda til slutt på 6. plass.

2004:

Trenar: Ove Håland. Hjelpetrenarar: Steinar Hauge og Håvard Hegg-Lunde.

Alaget kjem stadig høgare på tabellen og endar på 5. plass med 35 poeng. Av 26 spelarar som vart notert med seriekampar for klubben denne sesongen, var heile 24 av dei Valestrandsgutar.

Pål Kjetil Tufta vart toppscorar med 13 mål på 15 kampar. Ein annan stor spelar denne sesongen var Jørgen "Jøgge" Flåtene som herja på VHFK si midtbane.

2005:

Trenar: Ove Håland. Hjelpetrenar: Håvard Hegg-Lunde.

A-laget endar på ein fin 3. plass etter nok ein solid sesong i 4. divisjon. Valestrand Hjellvik slår begge opprykkslaga Loddefjord og Løv-Ham 2 heime på Furubakken, og serievinnar Loddefjord vert i tillegg

banka på Alvøengraset. VHFK nærmar seg stadig toppen og luktar på opprykksplassane, medan Osterøy rykkjer ned i 5. divisjon. Dermed er Valestrand Hjellvik utan konkurranse på Osterøy.

2006:

Trenar: Ove Håland. Hjelpetrenar: Frank Hansen.

Serieopninga denne sesongen vart lagt til Fotlandsvåg fordi Furubakken var under arbeid med det etterlengta kunstgrasdekket. Men VHFK vinn opningskampen mot Bjarg i Fotland, medan neste heimekamp gjekk på Osterøy Stadion. Også denne vinn VHFK, og alle ser fram til kunstgrasopning på Furubakken tre dagar etter nasjonaldagen. Botnlaget Skjergard kjem på besøk, og dei reiser heim att med alle poenga i den første kampen på kunstgraset på Furubakken. I same kampen vert keeper Frode Valestrand kjørt vekk i ambulanse med broten fot. A-laget endar til slutt på 7. plass denne sesongen, ein liten nedtur etter dei flotte resultata åra før. Åsaneguten Øyvind Thomassen kjem inn i stallen før haustsesongen, og vert eit lyspunkt. Dette vert også Ove Håland sin siste sesong som A-trenar.

2007:

Trenar: Jo Solberg.

Tidlegare Osterøytrenar og -spelar Jo Solberg gjer sitt inntog på Furubakken som trenar for Valestrand Hjellvik. Han hentar inn gamle kjente spelarar som Torgeir Rud frå Odda og Haugesundaren Tom Sivertsen, begge med ei fortid i Osterøy. Frå Stavanger kjem også Kalle Fiskå inn i VHFK-stallen, og alle desse styrkar Jo Solberg sitt lag. A-laget endar til slutt på 6. plass med 30 poeng.

2008:

Trenar: Jo Solberg. Hjelpetrenarar: Torgeir Rud og Ronny Håland.

Jo Solberg sin andre sesong på Furubakken endar med ein fin 3. plass bak opprykkslaga Løv-Ham 2 og Bjarg. Moldensaren Are Bryhn kjem til Furubakken denne sesongen, og vert raskt ein publikumshelt.

2009:

Trenar: Jo Solberg. Hjelpetrenar: Håvard Hegg-Lunde og Torgeir Rud. Oppmann: Ronny Håland.

Stavangerguten Trygve Nilssen sluttar seg til laget, og i tillegg hentar Jo Solberg Tysse-brørne Øyvind og Ole Morten frå Osterøy. Joen sin stall byrjar å sjå farleg ut. Og farlege vert dei også. Berre tre tap går Joen og hans menn på i 2009, og til slutt er det berre eitt fattig poeng som skil dei frå opprykksplassen. Då er det kanskje litt bittert å tenkja på ein og annan uavgjortkamp, der det vart sløst med sjansane. Øygard og Os 2 endar på opprykk, men Valestrand Hjellvik får ein ekstrasjanse til opprykk denne sesongen. Os sitt førstelag må nemleg rykkja opp frå 3. divisjon dersom Os 2 skal kunna gå opp frå 4. divisjon. Osingane må ut i dobbel kvalik mot Austevoll for å spela om 2. divisjonskontrakt. VHFK-supporterane og spelarar reiser til Austevoll og Os for å heia på dei oransje frå Austevoll, men det vert til slutt Os som dreg det lengste strået - og dermed rykkjer dei opp med begge sine lag, medan Valestrand Hjellvik står att i 4. divisjon.

2010:

Trenar: Jo Solberg.

Den legendariske sesongen som avsluttar med eit straffespark 7 minuttar på overtid, der over 1000 tilskodarar stormar Furubakken etter at Øyvind Thomassen bankar ballen i nettet, er kjent for dei aller fleste. Berre eitt

tap og nokre få uavgjorte er likevel ikkje nok til å leia tabellen to kampar før slutt. Loddefjord ser ut til å kontrollera det heile før nest-siste kamp. Då går dei på eit uventa stortap heime mot Laksevåg, samstundes

som Valestrand Hjellvik gjer jobben borte mot Rosendal. Dermed er Valestrandslaget i førarsetet før seriefinalen, og klarer seg med uavgjort der. Mannane frå Furubakken vinn opprykket, og Joen får gullstolen sin - både på Furubakken og på festen seinare. Stavangerkaren Morten Frøland kjem til Valestrand før denne sesongen, medan Simen Kallekleiv spelar seg inn på A-laget.

2011:

Trenar: Jo Solberg, Mons Ivar Mjelde, Øyvind Pedersen. Oppmann: Gisle Raknes.

Jo startar sesongen som trenar for A-laget, men må gje seg midtvegs grunna mykje reising i jobbsamanheng. I juni melder klubben at Mons Ivar Mjelde vert ny trenar for Valestrand Hjellvik, og den tidlegare topptrenaren - og trenaren som henta heim att gullet til Bergen etter 40 år, startar arbeidet på Furubakken. Gutane var skikkeleg motivert for dette, og stemninga i laget fekk eit ekstra løft. Men det varer dessverre ikkje mange vekene før Tippeligaklubben Start sikrar seg Monsen,noko som kastar VHFK ut i ny trenarjakt. Tidlegare Austevolltrenar Øyvind Pedersen kom inn og overtok trenaransvaret frå august og ut sesongen saman med hjelpetrenar

Thorleif Holme. Til slutt enda det med nedrykk for Valestrand Hjellvik sine tapre krigarar, i det som i pressa vert omtala som tidenes sterkaste 3. divisjonsavdeling i Noreg. Bortekampane mot Brann 2 og Øystese var kanskje dei største høgdepunkta for supporterane denne sesongen. Begge kamparenaene vart farga i svart og kvitt av entusiastiske VH-supporterar. Spesielt i Norheimsund var opplevinga stor - mest fordi VHFK stakk av med alle poenga mot eit sjokkert heimelag.

2012:

Trenar: Thomas Tennebø. Hjelpetrenar: Nilson Viegas.

4.plass med 39 poeng.

2013:

Trenar: Rayner Nygaard

Nedrykk til 5.divisjon. 10. plass med 24 poeng.

2014:

Trenar: Frank Hansen

Opprykk til 4.divisjon. 2.plass med 57 poeng.

2015:

Trenar: Frank Hansen.

4.plass med 40 poeng.

2016:


Trenar: Frank Hansen. Hjelpetrenar: Henrik Nygaard

Dette er året NFF gjer store endringar i divisjonssystemet i Noreg. Avdelingar i høgare divisjonar skal reduserast, noko som medførar at halve 4.divisjon rykkar ned til 5.divisjon. Valestrand Hjellvik FK, Voss FK og Fana 2 endar ved sesongslutt på 35 poeng, men Valestrand trekker det kortaste strået og må ta den tunge turen ned til 5.divisjon på målforskjell, til tross for ein 6.plass i avdelinga.

2017:

Trenar: Frank Hansen. Hjelpetrenar: Bjarte Vatle

Etter berre ein sesong i 5.divisjon sikrar A-laget opprykk til 4.divisjon på målforskjell i siste serierunde, framfor erkerival Osterøy IL. A-laget vinn 4-1 over SK Galgen på Krohnsminde, medan Osterøy IL berre treng poeng mot allereie opprykksklare Bergen Nord FK. Bergen Nord FK vinn kampen 1-0, i ein kamp der Osterøy IL får annullert eit mål på overtid av 2.omgang, noko som ville sikra dei opprykket med 1 poeng foran Valestrand Hjellvik FK. Toppskårar for VHFK denne sesongen blir Jonas Hauge, tett forfulgt av Kevin Janz.

2018:

Trenar: Frank Hansen. Hjelpetrenar: Bjarte Vatle

Eksterne lenker[rediger | rediger kilde]