Lars Gunnar Øye

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Gunnar Øye
Født1. oktober 1956 (62 år)
Norge
Beskjeftigelse Skribent
Nasjonalitet Norge

Lars Gunnar Øye (født 1. oktober 1956Voss) er en norsk industriarbeider og forfattar. Øye har jobba mange år i Industrien, mellom anna i Tyssedal, Høyanger, Årdal og no i Ålvik, for Elkem Bjølvefossen.

Øye har skrive heilt frå ung alder, men gav ut si første bok i 2013. Der fortel han ei sansalaus soge om to vossingar på tur rundt jorda i ein seglebåt som vert kapra av innfødde utanfor kysten av Papua Ny-Guinea. Etter ein ufrivillig tur på havet i drivande gummibåtar, rek dei to vossingane i land på forskjellige stader i jungellandet, til forskjellige skjebnar. På elegant vis, med glimt i auga og stor humor fortel Øye om lagnaden, men og om korleis dei to møtest att under det dampande jungelloket. I slutten av boka opplever dei heisne saker i Port Moresby, hovudstaden i Papua.

Den andre boka er ei framhaldsoge av den første, i "Varandansen" slit Øye galskapen til nye høgder. Denne boka sluttar på Komodo, etter at vossingane og eit tilfeldig samanraska mannskap, ein eldgammal japanar, ein flyktande marxistmuslim og ein trekkspelande finne med kakadue i bur, ho Arja Saijonmaa, har snittsigla halve Indonesia.

I Footloose med Fatima utforskar vossingane livet saman med tvilsomme tyske turistar, med skjeggete gullgravarar eller ortodokse muslimar.

I fylje Avisa Hordaland sin bokmeldar skriv Øye med eit driv som mang ein kriminalforfattar kan misunna han. Forfattaren kviar seg heller ikkje for å blanda inn dialekt eller å skriva nynorsken på sitt eige, særmerkte vis.

Han gjev i dag bøkene ut på eige forlag, Øye Forlag. " Draumen om Papua " vart utgitt på Alpha Forlag, Torvastad.

Bibliografi[rediger | rediger kilde]

  • Draumen om Papua. - 2013
  • Varandansen. - 2014
  • Footloose med Fatima. - 2015