Wikipedia:Artikkelsamarbeid/Døgnrytme

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

Døgnrytme[rediger kilde]

Det er mange artiklar, ikkje berre éin, som eg vil ha hjelp med. Dei treng (enda meir) samordning. Eg har forklara på brukarsida mi. Takksam for all hjelp! Hordaland 19. nov 2007 kl. 08:42 (CET)

Søvn, døgnrytme m.m., ynskjer kommentar!!

Sjølv om eg har kalla dette for «Døgnrytme», gjeld det fleire artiklar. Har du kommentar til berre ein av artiklane, skriv gjerne på diskusjonssida der. Eg overvaker dei, allesaman.

Søvn er eit stort område. Eg har prøvd å sjå mange artiklar i samanhang, og har ein del framlegg i så måte som bør diskuterast. Ver med, er du snill.

Søvn

Søvn er ein kort artikkel som bør byggast ut med mykje meir om søvn hjå dyr så vel som menneske. Forsking har «teke av» dei siste 60 åra, og artikkelen bor spegle dette. Avsnitta Søvnmangel og Søvnforstyrrelser høyrer heime i andre artiklar, m.a. av di dei handlar kun om menneske. (Ville dyr med slike problem overlever neppe.) Søvnmangel bør inngå i artikkelen Søvnforstyrrelser eller kanskje helst i Søvnløshet. Artikkelen Søvnforstyrrelse er dårleg organisert og til dels dårleg skrive.

Artikkelen NREM-søvn er ein vits, og REM-søvn er ikkje stort betre. Dei må i det minste slåast saman, og ev. gå inn i Søvn.

Spesifikke søvnforstyrrelser har til dels fått eigne artiklar, og det er greitt:

  • Søvnløshet (insomni) treng mykje arbeid og bor kanskje flyttast til Søvnforstyrrelser, skjønt emnet er stort, kan hende for stort.
  • Narkolepsi
  • Katapleksi Kan gjerne inngå i artikkelen Narkolepsi, som på dansk, eller ev fortsatt ha eigen artikkel, som på engelsk.
  • Søvnapné
  • RLS
  • Jetlag har eigen artikkel og inngår også i Døgnrytmeforstyrrelser.
  • Døgnrytmeforstyrrelser

Dyssomni har eigen artikkel, men manglar liksom sin annen halvdel, Parasomni. Begge delar kan gjerne få sin plass i artikkelen Søvnforstyrrelse, og omdirigerast dit.

Aktigrafi har ikkje eigen artikkel, men bør kanskje få det? Er kort forklart i artikkelen Døgnrytmeforstyrrelser. Er nemnd i artikkelen RLS, ev. også annanstads.

Polysomnografi, PSG, har nyleg fått eigen artikkel, omsett frå svensk. Er også kort forklart i artikkelen Døgnrytmeforstyrrelser.

Ordet søvnfase

Ordet «søvnfase» brukast om to ulike omgrep. Dette er uheldig, men ligg i språket. Det eine er «fasene» (heller stadier) innanfor ein søvn-episode (ei natt), så som djup søvn og REM-søvn. Det andre refererer til plasseringa av søvn-episoden innanfor døgnrytmen, t.d. i namnet på lidelsen «forsinket søvnfasesyndrom».

'Døgnrytme og Døgnrytmeforstyrrelser' Desse handlar om mykje meir enn berre søvn, men heng likevel saman med han.

Norsk Wikipedia har heldigvis ikkje eigen artikkel om «B-menneske», som danskane har. Er omdirigert til Døgnrytme. Alternativet kan vere ei omsetjing av engelske «Chronotype».

Skift- og turnusarbeid (og relaterte søvnproblem) har ikkje eigen artikkel, men bør kanskje få det? Søvnproblematikken i denne samanhangen inngår i Døgnrytmeforstyrrelser.

Artiklane Melatonin, Konglekjertelen, Lysterapi og Netthinne må ein sjå på i samanhang med døgnrytme.

«Biologisk klokke» er tvetydig, diverre.

Kommentar?

Kva for artiklar har eg oversett i dette oversynet? Eg har flytta litt hit og dit, men er ikkje nøgd. Sei frå om du veit om ein betre måte å presentere dette samarbeidsprosjektet på. Takk! Hordaland 6. des 2007 kl. 23:53 (CET)