Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 8, 2012

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Nikita Khrusjtsjov i Wien i 1961.
Nikita Khrusjtsjov i Wien i 1961.

Nikita Khrusjtsjov (1894 - 1971) var leiar i Sovjetunionen under den kalde krigen, frå 1953 til 1964. Khrusjtsjov var ansvarleg for den delvise avstaliniseringa av Sovjetunionen, og for fleire relativt liberale reformer i innanrikspolitikken i landet. Partikollegaene til Khrusjtsjov fjerna han frå makta i 1964, og erstatta han med Leonid Brezjnev.

Khrusjtsjov var politisk kommissær under den russiske borgarkrigen. Han støtta utreinskinga til Stalin, og godkjende tusenvis av arrestasjonar. Dei politiske arvingane til Stalin slåst om makta etter at han døydde i 1953, og Khrusjtsjov gjekk, etter fleire år, sigrande ut av kampen i 1956. Khrusjtsjov håpa etter kvart på å kunne stole på rakettar når det gjaldt forsvar av landet, og gav difor ordrar om kutt i vanlege militære styrkar. Trass i kutta var perioden under Khrusjtsjov den mest spente i den kalde krigen, og krigen nådde høgdepunktet sitt med Cubakrisa. Les meir …