Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 8, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Telemann avbildet i en etsing etter et tapt portrett fra 1750, av Ludwig Michael Schneider
Telemann avbildet i en etsing etter et tapt portrett fra 1750, av Ludwig Michael Schneider

Georg Philipp Telemann (1681 — 1767) var ein tysk barokkkomponist som gjennom komposisjonane sine og musikksynet sitt formidla nye impulsar og sette eit sterkt preg på musikkverda på første halvdel av 1700-talet.

Telemann er truleg den mest produktive komponisten i europeisk musikkhistorie. Bach og Vivaldi var samtidige med Telemann, og han var ein livslang venn av Händel. Bach vert idag rekna som den største komponisten, men i deira levetid var Telemann den mest kjente. Eit utprega trekk ved musikken hans er songbare melodiar og oppfinnsam bruk av klangfargar, og – særskild i seinare verk – uvanlege harmoniske effektar. Instrumentalverka til Telemann er ofte prega av fransk og italiensk påverknad, mellom anna òg med innslag av polsk folkemusikk. Les meir …