Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 7, 2022
Utseende
Deep Space 1 var ein romsonde som vart skoten opp av NASA den 24. oktober 1998 av ein Delta II-rakett. Som ein del av New Millennium-programmet var hovudmålet til fartøyet å testa ut nye teknologiar for å få ned risikoen og prisen på framtidige ubemanna romsondar.
Deep Space 1 fullførte med suksess oppdraga sine og andregradsmåla: passering av asteroiden 9969 Braille og kometen 19P/Borrelly der han returnerte verdifulle vitskaplege data og bilete. Deep Space 1-prosjektet vart avslutta 18. desember 2001. Det vart etterfølgt av Deep Space 2, Earth Observing-1, Space Technology 5 og Space Technology 6. Les meir …