Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 7, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Preussen på det største
Preussen på det største

Kongedømet Preussen var eit tysk kongedøme frå 1701 til 1918 og frå 1871 den leiande staten i Det tyske keisardømet, der det utgjorde to-tredjedelar av arealet til riket. Det fekk namn frå området Preussen, men maktsenteret var Brandenburg.

Ein viktig kanslar var Otto von Bismarck som gjennom tre krigar samla dei tyske statane under prøyssisk styre. Den første av desse krigane var den andre krigen i Schleswig (1864), som Preussen vann med støtte frå keisarriket Austerrike. Danmark tapte og overgav både Schleswig og Holstein til respektive Preussen og Austerrike.

Tyskland fekk skulda for den første verdskrig og då Vilhelm II abdiserte i 1918 vart Kongedømet Preussen oppløyst og erstatta av Fristaten Preussen. Les meir …