Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 6, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Førrevassdammen, som demmer opp Blåsjø, er den største betongdammen i Noreg
Førrevassdammen, som demmer opp Blåsjø, er den største betongdammen i Noreg

Ulla-Førre er eit av dei største vasskraftanlegga i Noreg, med ein installert effekt på ca. 2100 MW totalt. Årleg produksjon er i gjennomsnitt 4,45 TWh (1987-2006), og dei tri hovudkraftverka kan gje ut litt over to millionar kilowatt, noko som utgjer 7,5 % av den samla maskinkapasiteten i Noreg.

Utbygginga av anlegget gjekk føre seg frå 1974-1988. Anlegget omfattar den kunstige innsjøen Blåsjø (Noregs niande største innsjø). I kraftverkgruppa Ulla-Førre inngår ei rekke kraftverk. Det største er Kvilldal kraftverk, som med ein installert effekt på 1240 MW er Noregs største kraftverk. I tillegg inngår Saurdal, Hylen og Stølsdal kraftverk, samt to pumpestasjonar i Stølsdalen og på Hjorteland.

Kraftverkgruppa Ulla-Førre har administrasjon og sentralverkstad på Suldalsosen. Les meir …