Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Normannisk skip avbilda på Bayeuxteppet.
Normannisk skip avbilda på Bayeuxteppet.

Den normanniske erobringa av England byrja i 1066 då kongedømet England vart invadert av hæren til hertugen av Normandie, Vilhelm Erobraren. Vilhelm sigra i slaget ved Hastings, og dette førte til normannisk kontroll over det angelsaksiske England.

Den normanniske erobringa var ein omveltande hending i engelsk historie av fleire årsaker. Han fjerna i stor grad den eksisterande herskande klassen og erstatta han med eit fransktalande monarki, aristokrati og prestehierarki. Dette førte til ei omforming av det engelske språket og kulturen i England, som blei til eit føydalsamfunn. Det hadde òg store konsekvensar for resten av Dei britiske øyane, ved at det la vegen open for ein normannisk invasjon av Wales og Irland, og omfattande inntrenging i aristokratiet i Skottland av normannisk og fransk kultur. Les meir …