Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
J.C. Dahl, Indsejlingen til København, 1830
J.C. Dahl, Indsejlingen til København, 1830

Maritim kunst er ei form for biletkunst som skildrar havet, eller er sterkt inspirert av det. Maritime måleri er ein sjanger som tek for seg skip og sjø, og var særleg viktig frå 1600- til 1800-talet. Omgrepet dekker også ofte kunst som viser skipsfart på elvar og elvemunningar, strandscener og all kunst som viser båtar, utan noka skarp avgrensing – av praktiske årsaker kan emne som kan teiknast eller målast frå tørt land vera særs passande innan sjangeren.

Maritim kunst, som ein eigen sjanger skild frå landskapskunst, byrja for fullt med nederlandsk gullaldermåleri på 1600-talet. Denne perioden hadde dei første spesialiserte maritime kunstnarane, som måla lite anna. I dette, som i mykje anna, har spesialist- og tradisjonelt marinemåleri i stor grad vidareført nederlandske konvensjonar til i dag. Med romantisk kunst blei havet og kysten teken tilbake frå spesialistane av mange landskapsmålarar, og verk utan nokre fartøy blei vanlege for første gong. Les meir …