Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Dverggås
Dverggås

Dverggås (Anser erythropus) er ei lita gås i andefamilien som hekkar i det nordlegaste Fennoskandia og Sibir, med ein drastisk fallande populasjon i løpet av siste del av 1900-talet. Eit godt kjenneteikn på dverggåsa er den kvite panneflekken som når heilt opp på framissen, samt den gule augehudringen. Ringen skil ho frå tundragåsa som manglar ringen. Hekkehabitatet åt fuglen er myrer og små fjellsjøar, gjerne der det finst vier og småbjørk.

Tidlegare hekka dverggåsa talrikt i heile området frå nordlege Fennoskandia over Sibir til stillehavskysten, men frå 1940-talet har bestanden gått sterkt attende og ein finn tre hovudgrupper av dverggås. Globalt er det er i dag tre åtskilde hekkepopulasjonar av dverggås. Norsk Ornitologisk Forening (NOF) starta i 1987 eit «prosjekt dverggås» i samarbeid med finske og russiske organisasjonar med formål å finne årsakene for den store tilbakegangen i populasjonen. «Prosjekt Fjällgås», leidd av Svenska Jägareförbundet, har arbeidd for å styrke populasjonen i Sverige sidan 1970-talet. Les meir …