Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.
Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.

Tingvoll kommune er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Sidan 1965 har Tingvoll kommune vore mesta identisk med Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden, Halsafjorden, Trongfjorden og Freifjorden. Garden Tingvoll har gjeve namn til halvøya, kommunen og kommunesenteret Tingvoll, og ligg sentralt plassert midt på halvøya. Tingvoll kyrkje, som blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.

Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møter kvarandre. Les meir …