Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2007

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Regn av kattar og hundar
Regn av kattar og hundar

Regn er ein form for nedbør, og oppstår når vassdropar fell frå skyer og ned mot bakken. Visst regndropane fell ned i tørr luft kan dei av og til fordampe før dei når overflata. Dette blir kalla virga, eit fenomen ein vanlegvis ser i tørre ørkenområde. Regn oppstår som følgje av kondensasjon og veks ved hjelp av koalesens og ein prosess kalla Bergeronprosessen.

Regn har ei stor rolle i vasskrinslaupet, der fukt frå havet fordampar og kondenserer til skyer, for så å falle tilbake til jorda som nedbør, og til slutt renn tilbake igjen til havet via elver. Ein liten del av vassdampen i lufta kjem òg frå vegetasjon. Les meir...