Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2021
Progressiv rock (prog eller progrock) er ein sjanger innan rock som utvikla seg på slutten av 1960-åra og tidleg i 1970-åra. Progressiv rock utvikla seg frå psykedelisk rock seint i 1960-åra, i ein periode då det vart stadig vanlegare å ta musikken eit steg vidare med eit breitt spekter av inspirasjonskjelder. Omgrepet har vore knytt til band som King Crimson, Yes, Genesis, Pink Floyd, Jethro Tull, Gentle Giant, The Moody Blues og Emerson, Lake and Palmer.
Progressive rockeband tøygde dei tekniske og komposisjonsmessige grensene i rockemusikken ved å ta musikken vidare frå den populære vers-refreng-baserte songstrukturen. I tillegg nytta ein ofte arrangement med element frå klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Instrumentalar var vanlege, medan songtekstane ofte var omgrepsmessige, abstrakte eller basert på fantasy. Progressive band gav stundom ut konseptalbum som ofte fortalde ei soge eller omhandla spesifikke tema. Les meir …