Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Louis Pasteur i 1878.
Louis Pasteur i 1878.

Louis Pasteur (1822 - 1895) var ein fransk kjemikar og bakteriolog. Han er rekna som ein av grunnleggjarane av moderne mikrobiologi. Pasteur forska på bakteriar og sjukdom, og stod bak nye vaksinar, behandlingar og metoden seinare kalla pasteurisering.

Pasteur gjorde fleire vitskaplege oppdagingar. I eit tidleg arbeid demonstrerte han kiralitet hjå molekyl, det vil seia at desse finst i éin «venstrehendt» og ein «høgrehendt» utgåve. Han oppdaga anaerobiose, at nokre organismar kan utvikla seg og leva utan oksygen. Gjennom forsøk bidrog han også til å avvisa teorien om spontan generasjon av liv, og bana vegen for den moderne teorien om bakteriar som grunnlag for sjukdom.

Pasteur hadde få originale, «geniale» idear, men utførte likevel ein viktig oppgåve ved å systematisera det som var kjend og føreslått og deretter setja teoriane ut i livet. Les meir …