Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2020
Bai Juyi (772–846) var ein kinesisk diktar og embetsmann. Saman med diktarar som Li Bai og Du Fu vert han rekna som ein av dei største kinesiske poetane i Tang-dynastiet. Mange av dikta til Bai Juyi tek for seg sosiale og politiske problem, og kritiserer indirekte det rådande regimet i samtida. I den seinare delen av livet levde han i åtskild einsemd langt borte frå den politiske hovudscena, og i denne fasen vert eit chan-buddhistisk og daoistisk syn på tilværet meir dominerande i diktinga hans.
Bai Juyi har ein stor produksjon på om lag 2 800 dikt (meir enn nokon annan poet før han), og allereie i si eiga levetid vart han ein høgvyrda poet ikkje berre i Kina, men òg i Japan, der poesien hans vart rekna som eit førebilete i mange hundreår frametter. Les meir …