Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2015
Folkehøgskular i Noreg er skular som legg vekt på å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar. Dei norske folkehøgskulane tilbyr til vanleg linjefag som rettar seg mot fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, teater, dans og musikk. I tillegg til linjefaga har dei fleste folkehøgskulane fellesfag, seminar og ulike valfag. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader.
Den fyrste norske folkehøgskulen var Sagatun på Hamar, som vart grunnlagt i 1864. Ti år etter vart amtsskulane oppretta av styresmaktene som ei motvekt til folkehøgskulane, og frå slutten av 1800-talet fekk folkehøgskulane ytterlegare konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteken, som samla dei tre skuletypane under felles lov og namnet «folkehøgskule». Det er i dag 79 folkehøgskular i drift i Noreg og dei er godt fordelt ut over heile landet. 31 av dei er kristelege folkehøgskular og dei resterande 48 er frilyndte folkehøgskular. Kvart år vel om lag ti prosent av elevkulla i Noreg å gå eit år på folkehøgskule. Les meir …