Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2007

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Reinrose er fylkesblom for Sør-Trøndelag

Reinrose (Dryas octopetala) er ei fjellplante som veks på laus, kalkrik grunn i kjølige strøk på den nordlege halvkula. Planten har vore brukt som medisin i fleire samfunn, har gjeve namn til Dryas-tida, og er fylkesblom for Sør-Trøndelag.

Reinrosa høyrer til rosefamilien. Blada er bukttagga. Dei liknar på små eikeblad, noko som var grunnen til at Linné kalla reinrosa for Dryas, etter dryadene, små skognymfer som etter gresk mytologi budde i eiketre. Octopetala kjem av octo, 'åtte', og petala, 'kronblad'. Åtte er eit uvanleg tal på kronblad i rosefamilien. Les meir…