Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Ung grashoppe
Ung grashoppe

Grashopper er ei gruppe insekt i ordenen rettvenger. Dei høyrer til det som truleg er den eldste nolevande gruppa av planteetande tyggande insekt som kan førast tilbake til tidleg trias for rundt 250 millionar år sidan. Dei er hemimetabole insekt som ikkje går gjennom komplett metamorfose; i staden blir dei klekka frå eit egg som nymfer som går gjennom fem hamskifte, der dei blir likare vaksne dyr på kvart stadium. Nokre grashoppeartar kan endra farge og oppførsel og danna svermar dersom dei rette tilhøva er til stades for det.

Grashopper er vanlegvis planteetararar. Nokre få av artane kan bli store skadedyr på korn, grønsaker og beitemark, særleg når dei svermar i milliontal og øydelegg avlingar i store område. Dei lever typisk på bakken, og bruker dei sterke bakføtene sine til å rømma frå farar gjennom kraftige hopp. Les meir …