Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Lågtrykksområde som del av svekking i polarkvervelen på den rekordkalde morgonen 21. januar 1985
Lågtrykksområde som del av svekking i polarkvervelen på den rekordkalde morgonen 21. januar 1985

Fjernkopling innan meteorologi syner til forskjellige klimamønster og anomaliar i dei atmosfæriske sirkulasjonane som påverkar kvarandre over store avstandar, typisk tusenvis av kilometer eller på planetær skala. Endringar i desse systema kan til dømes påverke plasseringa og intensiteten til jetstraumane og slik påverke temperatur, nedbørsmengder, lågtrykksbanar og høgtrykksplasseringar over store område.

Ei av dei mest kjende fjernkoplingane, og den første som vart oppdaga, er koplinga mellom lufttrykket i Tahiti og Darwin i Australia, som definerer den sørlege oscillasjonen og er med å setje i gang El Niño- og La Niña-episodar. Eit anna døme er koplinga mellom vêret nær jordoverflata og stratosfæren, til dømes gjennom brå stratosfæriske oppvarmingar som påverkar polarvirvelen og kan føre til iskalde vintrar. Les meir …