Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2014
Fedje (uttale «Feie») er ein kommune i Hordaland fylke, ytst ved havet i Nordhordland. Kommunen har ei hovudøy, Fedje, og om lag 125 småøyar og holmar. Kommunen er ikkje landfast og ein er avhengig av ferje for å koma seg dit.
Fedje er ein flat og vindfull stad, og landskapet er kjenneteikna av lite skog. Mest heile øya er dekt av myr- og lyngheilandskap, små vatn og tjørner. Tidlegare vart det drive omfattande torvdrift på øya, og det vart til og med bygd ei toglinje som tok torva til hamna i Stormark. Torvdrifta tok slutt omkring 1920, men framleis er landskapet og vegetasjonen prega av denne drifta. Myrlandskapet har gjeve Fedje eit særpreg og sjølv oppe på åsryggane finn ein fleire stader opp til to meter tjukke myrlag. Dette terrengdekkande myrlandskapet er mest vanleg i Irland, Wales og vestlege delar av Skottland. Les meir …