Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2022

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hudsonbukta
Hudsonbukta

Hudsonbukta er ei stor bukt nordaust i Canada. Ho er om lag 1 370 km lang og 1 050 km brei. Bukta har eit særs stort nedslagsfelt, om lag 4 041 400 km², som omfattar delar av Ontario, Quebec, Saskatchewan, Alberta, det meste av Manitoba, det søraustlege Nunavut og delar av Nord-Dakota, Sør-Dakota, Minnesota og Montana. Den sørlege armen av Hudsonbukta vert kalla James Bay. I aust har ho utløp mot Atlanterhavet via Hudsonsundet, i nord til Nordishavet via Foxesjøen og Fury- og Heclasundet. Bukta strekkjer seg frå 78° til 95 °W og frå 51º til 70 °N.

Engelske oppdagarar og kolonistar kalla Hudsonbukta opp etter Henry Hudson, som utforska bukta frå 2. august 1610 med skipet «Discovery». På den fjerde reisa si til Nord-Amerika, segla Hudson rundt vestkysten av Grønland og inn i bukta, og kartla mykje av austkysten. «Discovery» vart fanga i isen over vinteren og mannskapet overlevde på land heilt sør i James Bay. å isen smelta på våren ønskte Hudson å utforske resten av området, men mannskapet gjorde mytteri den 22. juni 1611. Dei forlet Hudson og nokre andre drivande i ein liten båt. Ingen kjenner lagnaden til Hudson og mannskapet hans som stranda med han, men historikarar har ikkje funne noko bevis på at dei overlevde lenge etterpå. Les meir …