Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 3, 2012
Niårskrigen (1688–1697) var ein storkrig mellom kong Ludvig XIV av Frankrike og ein brei europeisk koalisjon leia av den engelsk-nederlandske statthaldar-kongen Vilhelm III, den tysk-romerske keisaren Leopold I, Karl II av Spania, Victor Amadeus II av Savoie, og andre. Niårskrigen vart hovudsakleg utkjempa på det europeiske fastlandet og farvatna kring, men omfatta òg ein krig i Irland, der Vilhelm III og Jakob II kjempa om kontroll over Dei britiske øyane, og eit mindre felttog mellom franske og engelske nybyggjarar og deira indianske allierte i koloniane i Nord-Amerika. Krigen var den andre av tre store krigar for Ludvig XIV.
Krigen enda med freden i Ryswick der Ludvig XIV respekterte Vilhelm III som konge av England, Skottland og Irland. Mellom landendringane som fann stad var at Frankrike fekk attende Alsace og gav frå seg Freiburg, Breisach og Philippsburg til Det tysk-romerske riket og Spania fekk attende Catalonia frå Frankrike. Les meir …