Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2014
Leikanger er ein kommune i Sogn i Sogn og Fjordane fylke som ligg på nordsida av Sognefjorden.
Leikanger er ein fruktkommunane og er samlingspunkt for mykje av frukthandelen i Sogn. I 1919 bygde Halvard Drægni ein konservesfabrikk her. Denne vart overteken av Lerum AS i 1982 og ombygd til brusfabrikk i 1993, men seinare lagd ned. I dag er den gamle fabrikken bygd om til fleirbrukshall og handelssenter kalla Saften, med matbutikk, bokhandel, frisør, sportsbutikk, bibliotek og fleire klesbutikkar. Sogn Avis og mikrobryggeriet Balder Brygg held også til her. Leikanger Næringshage husar fleire små verksemder. i tillegg til dette finn ein mellom anna bensinstasjon, bank, bilverkstad, gartneri, byggevare, sportsbutikk, matbutikk, bruktbutikk og spa i Leikanger kommune. Les meir …