Hopp til innhold

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2024

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Tempelet til Apollon i Korint.
Tempelet til Apollon i Korint.

Korint er ein by og kommune på Peloponnes i Hellas. Han er hovudstad i periferieininga Korinthía i periferien Peloponnes. I antikken var han ein bystat ved Korinteidet, eidet frå det greske fastlandet til Peloponnes. Vest for eidet ligg Korintbukta og i aust Saroniabukta. Korint ligg om lag 78 km sørvest for Aten. Den gamle byen (antikkens Korint, i dag ein landsby 3 km sørvest for den moderne byen) vart fullstendig øydelagt av eit jordskjelv i 1858. Den nye byen Korint vart grunnlagd på kysten ved Korintbukta.

I følgje segna vart byen grunnlagd av Korinthos, ein etterkomar av solguden Helios, medan andre segner fortel at han vart grunnlagd av gudinna Efyra, dottera til titanen Okeanos. Det gamle namnet på byen var Efyra. Ein har funne spor av at byen vart øydelagd rundt år 2000 fvt. Les meir …