Hopp til innhold

Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2024

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Bading ved Tirta Empul på Bali.
Bading ved Tirta Empul på Bali.

Bading er det å senka kroppen ned i vatn for å vaska seg, oppleva velvære eller for leik, idrett eller underhaldning. Bading kan ha hygiene, rituelle eller terapeutiske føremål. Analogiar for bading kan vera omgrep som å «ta solbad» for å sola seg, eller omgrep som «å bada i» noko for å visa til at ein har overflod eller for mykje av det.

Ein kan bada på ulike stader der det finst ei viss mengd vatn, frå varmt til kaldt. Dette kan til dømes vera i eit badekar eller basseng, i ei elv, eit vatn eller i havet. Føremålet med badinga kan variera. Det kan til dømes vera eit rituale, som rituell reinsing eller dåp. Ein kan også bruka bading terapeutisk, som hydroterapi, eller for vanlege vaske- og fritidsaktivitetetar, som leik og symjing. Les meir …