Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2020

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Hopp til navigering Hopp til søk
Skisse av endometriose

Endometriose er ein vanleg medisinsk tilstand der slimhinna som kler innsida av livmora, endometriet, eller vev som liknar denne, vert funne utanfor livmora, og påverkar andre organ i bekkenet. Tilstanden kan leia til alvorlege helseproblem, vanlegast smerte og infertilitet. Endometriose oppstår først og fremst hos kvinner i den fertile alderen. Det vanlegaste symptomet til endometriose er smerte, oftast nede i mageregionen, i nedre del av ryggen og i bekkenregionen. Somme kvinner kan ha lita eller inga smerte sjølv med sterkt utbreidd endometriose, andre kan ha sterke smerter sjølv om tilstanden berre finst i små område.

Undersøkingar har vist at talet på kvinner med endometriose ligg mellom 2 og 10 prosent av dei i fertil alder. Mellom 30 og 40 prosent av kvinner med endometriose er infertile. Somme kvinner veit ikkje at dei har endometriose før dei får vanskar med å verta gravide. Medan utbreidd endometriose kan skipla dei anatomiske tilhøva i bekkenet, og på den måten forklara at infertilitet oppstår, er høvet mellom tidleg eller mild endometriose og infertilitet meir uklår. Der er inga behandling mot årsaka til endometriose. Les meir …