Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 25, 2006
Longyearbyen er administrasjonssenteret på Svalbard og har over 1 600 innbyggjarar. I 2001 utførte folk busett i Longyearbyen over 1 300 årsverk. I 2006 er det feiring av at byen er 100 år. 10. juni 2006 vert rekna som sjølve jubileumsdagen. Då er det hundre år sidan arbeidarar frå the Arctic Coal Company kom til området med material til det som skulle verta dei første overvintringsbustadene.
Longyearbyen var tidlegare eit mannsdominert gruvesamfunn, men har dei siste åra utvikla seg i retning av ein 'normal' fastlandsby med ein stadig større del kvinner og barn. Byen har eigne barnehagar, egen skole og au ein videregåande skole. Framleis er det trass i dette ein mindre del barn, ungdom og eldre enn på fastlandet, der nesten annakvar innbyggjar er under 20 eller over 65 år. På Svalbard utgjer innbyggjarane under 20 eller over 65 år berre kring 25 % av innbyggjarane. Les meir