Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Lastebil
Lastebil

Lastebil er eit kjøretøy som vert nytta til transport av ulike typar gods, som trekkvogn, eller som basis for ymse typar påbygg. Dei vert produserte i mange ulike storleikar og utførslar, nokre har ope lasteplan, andre har eit lukka skap, nokre har ikkje lasteplan, men vert nytta som trekkvogn.

Lastebilar spelar ein sentral rolle i dagens samfunn. Dei vert nytta for å transportera alt frå råvarer som mat og tømmer til post, drivstoff, bygningsmateriale, personbilar, ulike maskinar og så vidare. Langs kysten kan varer transporterast med fraktbåtar og i innlandet med jarnbane, men der det korkje er hamn eller jarnbane er lastebilar einaste praktiske alternativet. Lastebilar har òg den føremonen at varene kan transporterast frå dør til dør utan omlasting. Les meir …