Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2011

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
En Stradivari-fiolin frå 1713
En Stradivari-fiolin frå 1713

Antonio Stradivari (1644-1737) er av mange rekna som den fremste fiolinmakaren nokon sinne. Han påverka utforminga av dagens moderne fiolin, både i høve til proporsjonar og utforminga av stolen på instrumentet. Eit instrument laga av Antonio Stradivari blir ofte kalla ein «Stradivarius» eller «Strad».

Instrumenta til Stradivari er myteomspunne, og mykje forsking har vore gjort for å finne bakgrunnen til at dei er så spesielle. Den mest populære teorien har lenge vore at det var noko «magisk» med lakken brukt på instrumenta. Den moderne forskinga har peikt på fleire ulike faktorar som saman har gjeve instrumenta klangen sin, mellom anna tjukkleiken på lokk og botn, eit flatare instrument enn tidlegare og dei små porene i treet brukt i fiolinane. Les meir …